1:33 ⅓

person Julia Stangeland
Spørsmål: Kva er nøkkelen til suksess når du skal bygge plattform? Svar: Forarbeid, forarbeid, forarbeid. Eit viktig forarbeid som både sparte tid og pengar var ingeniørmodellar – bygd i stor målestokk.
— Dei mange detaljane på denne delen av Gullfaks B-modellen gjev eit inntrykk av kor komplisert det å bygge ei faktisk plattform. Foto: Equinor/Arkivverket
© Norsk Oljemuseum

Store og presise konstruksjonar krev teikningar. Kva for nokre rom skal ha tilgang på vatn? Kvar skal straumkablane strekkast? Kvar må toaletta plasserast for å møte kloakksystemet? Korleis skal huset stå på tomta og kvar skal vindauga plasserast for at lysforholda skal vere best mogleg? Skal trappa vere der? Korleis er transportflyten når matvarene skal fraktast frå inngangsdøra til kjøkkenet?

Tek vi utgangspunkt i at huset som skal byggast har ei grunnflate på 100 kvadratmeter, kan kompleksiteten berre i grunnflata multipliserast med 60. Grunnflata på dei største plattformene kan nemleg vere på nesten 6000 kvadratmeter.[REMOVE]Fotnote: Norsk oljerevy = : Norwegian oil review. 1989 Vol. 15 Nr. 3, s. 11.

Kompleksiteten går ytterlegare opp dess fleire etasjar som blir lagt til, dess fleire røyr, ventilar og anna innhald som skal med – og dess fleire som skal vere med å bygge.

Medan eit husprosjekt gjerne ikkje er større enn at éin person kan ha såpass oversikt at ho vil reagere viss noko på teikninga er feil, er ikkje dette mogleg når plattformer skal byggast. Teikningane må derfor vere til å stole på. Dei må vere hundre prosent korrekte. I dag bruker ingeniørane avanserte dataprogram for å sjekke dei komplekse teikningane.

På 1970- og 1980-talet var ikkje dette mogleg. Den gongen blei det bygd ingeniørmodellar for å kontrollere at teikningane stemte.

Ingeniørmodellen

Dei tre Gullfaks-plattformene blei, som andre plattformer, bygd i fleire delar – modular. Dekksramma av stål danna fundamentet for alle modulane som skulle på plass, frå bustadmodulen til flammebommen. Modulane til Gullfaks-plattformene blei bygd frå Tønsberg i Sør-Aust-Noreg til Sandnessjøen lengst nord. Nokre av modulane blei òg bygd i utlandet.

Enkelte verft bygde fleire modular, fleire av dei nytta seg òg av underleverandørar. Arbeidet blei naturlegvis gjennomført etter teikningar.

Det same gjaldt bygginga av understellet, cellene og staga som plattformdekket skulle kvile på.

Feil på teikningane kunne vere dyre å rette opp. For å avdekke slike feil, blei det altså laga komplekse modellar i stor målestokk. Standard målestokk var 1:33 ⅓.

Kjell Eines var modellbyggar på ei av Oseberg-plattformene. Han fortel under eit Norge Rundt-innslag i 1988 at ein av feila dei oppdaga var eit ferskvassrøyr som hamna rett i ein stålvegg. Dette måtte teiknast om. Eines estimerer at å rette opp feilen på den faktiske plattforma ville ha kosta mellom 100 og 150 000 kroner.[REMOVE]Fotnote: NRK, Norge Rundt. «Bergen: Modellbygging i oljeindustrien.» Sendt 29. juli 1988. https://tv.nrk.no/serie/norge-rundt/sesong/1988/episode/FREP44009988#t=13m59s  Lasta ned 19. mars 2025.  I 2024-kroner tilsvarer det om lag 300 000 kroner.

Bygginga av Statfjord A viser kor gale det kunne gå. På grunn av manglande erfaring og tidspress blei det laga teikningar nesten parallelt med plattformbygginga. Det hendte at teikningane blei revidert etter at byggearbeidet var ferdig, noko som resulterte i at arbeidet måtte rivast ned og starte på nytt. Dette var lite effektivt, lite lønsamt og lite motiverande for dei som stod for byggearbeidet.

Mange krikar og kroker og rart plasserte trapper, viser at Statfjord A-plattforma framleis er prega av at teikningane ikkje var gode nok under bygginga. Foto: Shadé B. Martins/Norsk Oljemuseum

Røyrsystemet var noko av det som det var viktig å ha kontroll over. Andre forhold som blei sjekka ut var transportflyt. Ville det vere mogleg å flytte konteinarar til der det var bruk for innhaldet, og ville det vere mogleg å få ut og inn stort utstyr, for eksempel i samband med reperasjonar eller utskifting av materiell? HMS var eit anna felt som blei undersøkt, som for eksempel branndører og brannsoner.

Modellane kunne òg vere gode visuelle hjelpemiddel som gjorde det lettare å sjå for seg korleis plattforma ville sjå ut i verkelegheita, noko som kunne gjere det lettare å løyse problem. Ved at modellen var bygd i modular, slik som den faktiske plattforma, kunne modulane i modellen brukast som ei generalprøve for montering av dei faktiske modulane. Modulane kunne òg bli sendt ut som eit visuelt hjelpemiddel til dei som skulle bygge dei ulike modulane.[REMOVE]Fotnote: «Modell», ingeniørmodell av Statfjord B på DigitalMuseum. Modell -Norsk Oljemuseum / DigitaltMuseum Lasta ned 7. april 2025.

Modellbyggarane

Clive Lawford og Jan B. Andersen arbeidde begge som modellbyggarar på 1980-talet. Dei fortel at modellbygginga kravde presisjon og at det ikkje var uvanleg at feil på teikningane gjorde at arbeidet måtte gjerast om igjen. Å finne feila kunne vere tilfredsstillande fordi dei då visste at feila ikkje ville forplante seg til den faktiske plattforma, men feila kunne òg vere ei kjelde til frustrasjon.[REMOVE]Fotnote: All informasjon frå Clive Lawford og Jan B. Andersen er basert på eit intervju av dei på museet sitt magasin, 5. februar 2025. Intervjuet blei gjennomført av Kirsten T. Hetland og Julia Stangeland.

Mange komplekse teikningar blei kvalitetssjekka og visualisert gjennom ingeniørmodellane. Teknisk teiknar Rolf Ødegård arbeider her med teikningar til Statfjord C. Foto: Leif Berge/Equinor

Lawford fortel om ein gong han hadde knota lenge med eit problem og til slutt kom fram til at det måtte vere ein feil på teikninga og ikkje berre noko han ikkje hadde forstått. Då han lufta problemet med ein av ingeniørane kunne denne fortelje at det hadde blitt laga fleire nye teikningar etter den teikninga som Lawford hadde.

– At vi ikkje hadde fått den mest oppdaterte teikninga var eit vanleg problem, bekreftar Andersen. Eit anna problem var at teiknaren ikkje alltid ville innrømme eigne feil.

Mange av «piping-folka» var, ifølgje Andersen, engelskmenn som gjerne prøvde å vere heltar både natt og dag. Andersen hugsar ein gong han hadde funne rundt elleve feil på røyrføringa. Teiknaren ville ikkje innrømme feilen, før Andersen truga med å ta saka opp med sjefen hans. Når augo gjekk i kryss var det lett at røyra gjorde det same.

Røyra var mange og hadde ulik farge avhengig av kva slags innhald dei skulle ha. Bilete er frå ingeniørmodellen av utstyrsskaftet til Gullfaks C. Foto: Shadé B. Martins/Norsk Oljemuseum

Modellbyggarane var få, spesialiserte og arbeidde i modellbyggarselskap som gjerne var etablert langs vestlandskysten, i nærleiken av der konstruksjonsarbeidet gjekk føre seg. Fleire modellbyggarar bytta mellom dei få selskapa som eksisterte og når dei arbeidde med modellar over lengre tid var dei ofte utstasjonert hjå bedrifta.

Det var ofte i små rom utan vindauge, gjerne i kjellaren, minnest Andersen og Lawford. Her sat dei altså og la enorme puslespel i plast, ofte utsett for kjemikaliar som burde ha utløyst betre ventilerte rom.

Modell av utstyrsskaftet til Gullfaks C har blitt flytta frå Statoil sitt hovudkontor på Forus i Stavanger, til Norsk Oljemuseum sitt magasin i Dusavik. Av praktiske grunnar står skaftet der i fire delar, noko som òg er det mest vanlege. Foto: Kirsten T. Hetland/Norsk Oljemuseum

Modellane var, som dei faktiske plattformene, gjerne sett saman av fleire modular. På grunn av storleiken var det sjeldan at modellane var montert i sin fulle storleik. Dette gjaldt ikkje minst for modellar av plattformbeina (staga) som i full storleik gjerne kunne vere så mykje som 8 meter høge. Det var ikkje berre takhøgda som sette avgrensingar for slike konstruksjonar, modellbygging i slike høgder ville heller ikkje ha vore særleg praktisk.

Ingeniørmodellane blei gjerne bygd av så mange som tre personar over ein periode på to år – alltid litt i forkant av den faktiske plattforma.[REMOVE]Fotnote: NRK, Norge Rundt. «Bergen: Modellbygging i oljeindustrien.» Sendt 29. juli 1988. https://tv.nrk.no/serie/norge-rundt/sesong/1988/episode/FREP44009988#t=13m59s  Lasta ned 19. mars 2025.

Når ingeniørmodellen var ferdig hadde den på sett og vis fullført sin misjon, teikningane var kontrollert. Kunne ingeniørmodellen likevel brukast til noko etter at plattforma òg var ferdig?

Gjenbruk

Bygginga av Oseberg-modellen i 1988 kosta den gongen om lag 10 millionar kroner, noko som tilsvarer om lag 24 millionar 2024-kroner.[REMOVE]Fotnote: NRK, Norge Rundt. «Bergen: Modellbygging i oljeindustrien.» Sendt 29. juli 1988. https://tv.nrk.no/serie/norge-rundt/sesong/1988/episode/FREP44009988#t=13m59s  Lasta ned 19. mars 2025.

I forhold til kor mykje ei plattform kostar i planlegging og bygging er det snakk om småpengar. Sett i lys av at det å ta seg råd og tid til å bygge ein ingeniørmodell i seg sjølv kunne føre til store innsparingar i form av avdekka feil, var det dessutan vel brukte pengar.

På same tid er det ikkje til å undrast over at oljeselskapa gjerne såg etter gjenbruksmoglegheiter for denne investeringa.

Fleire av modellane blei til dømes nytta til undervisning av framtidige oljearbeidarar. Her kunne dei studere rømmingsvegar og gjere seg kjent med plattforma i forkant av sin fyrste tur offshore. Kanskje har plattformmodellane òg hatt ein verdi i samband med beredskapssituasjonar offshore.

Denne bildekrusellen krever javaskript.

Plattformbygginga var synleg fleire stadar langs kysten av Noreg og mange hadde nok sett plattformer på fjernsynet og på trykte bilete. Plattformer som fenomen var likevel framleis ganske nytt. Sannsynlegvis har det vore ei medverkande årsak til at det ikkje berre blei laga ingeniørmodellar, men at det òg blei laga mindre modellar som kunne brukast til generell folkeopplysing.

Statoil viste til dømes under Oljemessa i 1984 fram ein modell av Gullfaks A-plattforma. Seinare blei denne plassert på Statoil sitt kontor på Sandsli i Bergen, før den blei flytta til Statoil sitt hovudkontor på Forus i Stavanger.

I dag kan ein finne tusenvis av plattformbilete på internett. Datamaskinane har òg erstatta behovet for ingeniørmodellar. Andre modellar blir gjerne importert, noko som gjer at det er få som arbeider som modellbyggarar i Noreg i dag.

For mange var modellbygginga ein hobby som blei eit yrke. I dag er det igjen redusert til ein hobby – og litt vedlikehald av modellar som finst på museum.

Gullfaks-modellar på oljemuseet

Vi veit ikkje sikkert kor mange ingeniørmodellar og andre modellar som har eksistert av dei tre Gullfaks-plattformene. Kanskje har det blitt laga ein ingeniørmodell til kvar av dei? Sikkert er det i alle fall at det har eksistert fleire enn dei som har blitt teke vare på.

Nokre eksemplar finst i oljemuseet si samling: Den tidlegare nemnte modellen av Gullfaks A, ein ingeniørmodell av boretårnet til Gullfaks C og meir eller mindre fullstendige ingeniørmodellar og andre modellar av utstyrsskaftet, sjøvass-skaftet og boreskaftet til Gullfaks C. Ein ingeniørmodell av Gullfaks B finst i Teknisk Museum si samling. Den er i tillegg godt fotodokumentert.

Gullfaks A-modellen står utstilt i museet, medan dei andre modellane står på museet sitt magasin.

Denne bildekrusellen krever javaskript.

I tillegg blei det til museet si opning laga ein modell av Gullfaks C. Denne modellen illustrere korleis betongunderstellet til Condeep-plattformer (plattformer med understell av armert betong) blei laga.

Museet har dessutan i si samling andre modellar som direkte eller indirekte kan knytast til Gullfaksfeltet si historie, som ein modell av sjølve feltet, ein modell av ein av dei mange båtane som frakta olje frå Gullfaksfeltet og ein modell av lastebøyesystemet som blei brukt for å pumpe olja frå plattformene til skipa.

Modellane blei laga for å spare pengar, til undervisning og for å vise fram korleis ei plattform faktisk ser ut. Få får moglegheita til å besøke ei plattform, men kan, gjennom modellane, studere plattformene. Dette kan skje gjennom eit fysisk besøk på museum, gjennom bileta i denne artikkelen eller ved å gå inn på nettsida Digitalt Museum.

 

 

 

Publisert 9. desember 2025   •   Oppdatert 18. desember 2025
© Norsk Oljemuseum
close Lukk