«Velkommen om bord!»

person Julia Stangeland
Ei plattform er som eit heilt lite samfunn. Å lære kvar ting er og korleis du skal komme deg dit, er viktig for trivselen – og for sikkerheita.
— Helikopterdekket er det fyrste som møter deg når du kjem til ei plattform. På fine dagar kan det òg brukast til rekreasjon. Foto: Shadé B. Martins/Norsk Oljemuseum
© Norsk Oljemuseum

Alle som kjem ut på ei plattform for fyrste gong vil bli ønskt velkommen av plattformsjefen. Du vil få sjå ein sikkerheitsfilm og du vil dessutan få utlevert nokre brosjyrar med kart over plattforma og standard prosedyrar for arbeid om bord. Vidare vil du få utlevert personleg verneutstyr.

Med hjelm, høyrselsvern, vernebriller, hansker, kjeledress og vernesko er ein klar til å ta fatt på oppgåvene om bord. Foto: Shadé B. Martins/Norsk Oljemuseum

Det vil òg bli gjennomført ein kjentmannsrunde. Hensikta med denne er å bli kjent med plattforma generelt, med særleg fokus på sikkerheit. Det er lurt å merke seg kvar din livbåt er og korleis du raskast kan komme deg til den. Alle vil få utdelt ein livbåt som ligg i tilknyting til bustadkvarteret. I boredelen, i den motsette enden av plattforma, finst det òg livbåtar. Det kan vere lurt å merke seg kvar desse finst, særleg viss du skal arbeide i produksjonen.

Vidare vil du bli vist til lugaren din (kor du heng frå deg redningsdrakta som du fekk utdelt på heliporten) og til garderoben der dei som arbeider ute i anlegget heng frå seg arbeidskleda sine. Viss du skal jobbe fast på plattforma vil du òg få utdelt eit skap der du kan legge ting som ikkje treng å vere med heim.

Etter samtalen med plattformsjefen vil han eller ho kople deg saman med ein av dine nærmaste kollegar. Vedkomande vil vise deg til rette slik at du kan gjere dine arbeidsoppgåver om bord, og gje deg ei innføring i den usynlege lærdommen som blir praktisert på plattforma.

Den usynlege lærdommen

Ein plattformnomade (ein person som reiser rundt mellom ulike plattformer – fast eller sporadisk) eller ein som arbeider ved ei anna plattform, vil nok kjenne igjen noko av denne usynlege lærdommen. Her er nokre punkt frå Gullfaks A:

Denne bildekrusellen krever javaskript.

  • Vask hendene før du går inn i messa (hygiene).
  • Ikkje bruk mobilen etter at du har vaska hendene (hygiene).
  • Sprit hendene og ta ny tallerk viss du vil ha meir mat (hygiene).
  • Heng opp stolen din når du er ferdig med maten.
  • Gå stille i bustadkvarteret. Det kan ligge folk der som søv.
  • Du kan få vaska kleda dine i vaskeriet, men hugs at alt blir vaska på 60 grader.
  • Drikk mykje vatn! Ventilasjonen gjer at lufta er tørr.
  • Plattforma har store moglegheiter for fritidsaktivitet; med kinosal, TV-stove, bibliotek, biljardbord, treningsrom, gymsal og eigen fiskeplass.
  • Kiosken er open nokre timar på ettermiddagen. Her kan du mellom anna få kjøpt godteri og hygieneartiklar.

Er du i tvil, finst det alltid nokon du kan spørje, og viss du er av den sjenerte typen, kan det lønne seg å sjå seg om og kopiere personen ved sida av deg.

«God fri!»

Når dine arbeidsdagar (gjerne 14 dagar viss du arbeider i fast turnus) er ferdige, må du pakke saman bagasjen din (kanskje vil du legge «offshore-garderoben» din i skapet), legge sengetøyet og kjeledressen din til vask, finne redningsdrakta di og gå opp i resepsjonsområdet. Viss du er heldig, er helikopteret i rute.

Iført redningsdrakt, slår du av mobilen din og gjer deg klar til å sette i øyreproppar og ta på høyrselsvern. Fyrst må du sjå sikkerheitsfilmen som du såg på heliporten før du reiste ut. Når du høyrer helikopteret kan du og kollegane dine ta heisen opp til helidekket.

Då er det berre å ønske «god fri»!

 

 

 

 

 

 

 

 

Publisert 3. desember 2025   •   Oppdatert 17. desember 2025
© Norsk Oljemuseum
close Lukk