Tung bør til dåpen
Gullfaks C hadde ei vekt på over 1,5 millionar tonn. Det er ikkje rart at gudmor og Statoil-veteran Kari Løwen uttrykte at: «Eg er glad eg slapp å bera barnet til dåpen.»
På dåpsdagen på Stord, 12. april 1989 var storleiken eit sentralt tema. Fleire mål blei brukt for å uttrykke kor stort dåpsbarnet var, som at plattforma ved utslep ville vere den største gjenstanden som har blitt flytta på, at betong tilsvarande 40 000 husmurar hadde gått med for å bygge understellet og at stål tilsvarande ti Eiffeltårn utgjorde armeringa.
Gudmora trakk òg fram at Gullfaks C på sett og vis var eit uønskt barn, all den tid oljeprisen var relativt låg på dåpsdagen, samanlikna med kva den var då dei fyrste planane for Gullfaksfeltet blei lagt.[REMOVE]Fotnote:Myklebust, Alf Terje. «Gullfaks-dåp i frisk vind», Haugesunds Avis, 13. april 1988, s. 28. Nasjonalbiblioteket.
I 1989 var Gullfaks C og den høgaste plattforma.
Gullfaks C blei i mai 1989 slept ut til Gullfaksfeltet som den siste av dei tre Gullfaks-plattformene. Familien var tilsynelatande komplett, men som familiar flest haldt den fram med å vekse og utvikle seg. I åra etter 1989 har det kome til både fleire undervassbrønnar og satellittar.
C-dekk og understell møtesSlepet fra Stord til feltet