«Skift 7»

person Julia Stangeland
På ei plattform er det til saman seks skift. Dei som pensjonerer seg blir gjerne ønskt lykke til på skift sju. Dei neste åra vil mange oljearbeidarar, inkludert folk frå Gullfaksfeltet, bli ein del av dette skiftet.
— Dei som reiser heim til skift 7, vil sannsynlegvis aldri kome tilbake til arbeidsplassen sin igjen. Foto: Harald Pettersen/Equinor
© Norsk Oljemuseum

Heidi Frette pensjonerte seg sommaren 2024. Ho var om bord då Gullfaks A i 1986 blei taua ut og har sidan det arbeidd på denne plattforma. Då representantar frå Norsk Oljemuseum møtte henne hadde ho sin nest siste tur. Helsemessige utfordringar gjer at ho kunne pensjonert seg før, men ho fortel at ho trengte litt tid på å bli klar for det. Sjølv om mange av dei ho arbeidde med før allereie har slutta, var det nokre av «sine folk», inkludert kollegar ho har blitt kjent med dei siste åra, som ho ville arbeide med ei stund til.[REMOVE]Fotnote: Kokk Heidi Frette i samtale med Julia Stangeland på Gullfaks A, 26. juni 2024.

Å pensjonere seg frå eit liv på plattform, skil seg noko frå det å pensjonere seg frå eit liv på land. Når du arbeider på land, kan du alltids stikke innom kollegane dine på din gamle arbeidsplass viss du har lyst til å slå av ein prat og høyre siste nytt. Det lar seg derimot ikkje gjere å ta ein svipptur innom plattforma.

Heidi Frette pensjonerte seg sommaren 2024. Her er ho i gang med å førebu lunsj på sin nest siste onsdag om bord. Foto: Shadé B. Martins/Norsk Oljemuseum

Sjølv om du kan møte tidlegare kollegar på land, og mange gjer det, kan det likevel vere krevjande å få møtt alle. Mange bur spreidd over eit større geografisk område. Sjølv bur Frette med familien på Geilo. Ho er derfor glad for Facebook som ei moglegheit til å halde kontakten med gamle kollegar.

Erfaringstap

Dei tre Gullfaks-plattformene har kvar si Facebook-side der folk som jobbar eller har jobba på dei respektive plattformene kan vere med. Mange av innlegga er ei helsing til folk som nå har gått over til «skift sju».[REMOVE]Fotnote:Facebook-gruppene: «People of Gullfaks A», «People of Gullfaks B» og «People of Gullfaks C». Formålet med alle desse gruppene er at dei er for personar som arbeider eller har arbeidd på dei respektive plattformene.

Med ein turnus på to veker på og fire veker av, er det behov for tre sett med oljearbeidarar per plattform. Kvart sett er grovt sett delt inn i eit dagskift og eit nattskift. Her er det sjølvsagt nokre unntak fordi det ikkje er alle arbeidsoppgåver som krev arbeid på natta. Uavhengig av det vil det vere seks skift. Det sjuande skiftet er altså reservert for pensjonistane.

– På mange av turane framover vil plattformsjefen takke av ein kollega som skal bli pensjonist, fortel produksjonsdirektør for Gullfaks-området, Frode Abotnes.[REMOVE]Fotnote:Frode Abotnes i samtale med Shadé B. Martins, Ole Kvadsheim og Julia Stangeland på Sandsli i Bergen, 27. juni 2024.

I løpet av oljemuseet sin tur på Gullfaks A i slutten av juni 2024, møtte vi mange som har lang fartstid på plattforma. Nokre av dei har arbeidd der frå det fleire refererte til som «tidenes morgon», altså frå då plattforma var ny i 1986. Det er snart 40 år sidan. Av dei som har arbeidd lenge på plattforma er det mange som vil bli pensjonistar i løpet av dei neste åra – dei som ikkje allereie har blitt det.

At det i framtida vil vere  mange av offshore-arbeidarane som skal pensjonere seg, bekreftar ein rapport frå Forskingsinstituttet NORCE. Rapporten viser eit rekrutteringsbehov som gradvis vil stige, frå rundt 550 personar i 2024 til om lag 650 personar i 2028. I hovudsak skuldast behovet for nye tilsette at folk mellom 58 og 65 år (òg nokon eldre) skal pensjonere seg, men i nokre tilfelle er det òg snakk om å erstatte nokon som skal byte livet offshore med eit arbeid på land.[REMOVE]Fotnote:Fjelldal, Øystein M. og Blomgren, Atle (begge NORCE). Offshoreansatte 2018-2023. Rapport nr. 23-2023, Helse og Samfunn, s. 48–49. https://norceresearch.brage.unit.no/norceresearch-xmlui/bitstream/handle/11250/3120611/NORCE%20H%26S%20rapport%20nr.%2023-2023.pdf?sequence=1&isAllowed=y  Lasta ned 1. august 2024.

Figuren viser årleg rekrutteringsbehov innanfor ulike aktivitetsområde. NORCE har teke utgangspunkt i at aktivitetsnivå vil vere på same nivå som då rapporten blei laga. Kjelde: NORCE og SSB

Rapporten viser òg at rekrutteringsbehovet er størst blant folk med fagbrev. Behovet vil ligge på mellom 250 og 300 personar årleg.[REMOVE]Fotnote: Fjelldal og Blomgren, 2023, s. 50. Nokre av desse personane vil erstatte folk med fagbrev. Andre vil erstatte ufaglært personell. Av dei som ikkje har utdanning utover grunnskule eller som har gått på vidaregåande, men ikkje har fagbrev, er det definitivt flest som er over 50 år.[REMOVE]Fotnote: Fjelldal og Blomgren, 2023, s. 50.

Figuren viser offshoretilsette fordelt på aldersgruppe og utdanningsnivå for høvesvis 2018 og 2022. Kjelde: NORCE og SSB

Det er samtidig viktig å hugse på at formell utdanning blei sett på som mindre viktig før, og at mange av dei som skal erstattast sit på ei enorm arbeidserfaring, ei erfaring som dei har opparbeida seg over fleire tiår. Ei slik erfaring kan vere utfordrande å erstatte.

Generasjonsskifte

Det gjeld å ligge i forkant. Ingen har plikt til å bestemme seg for å pensjonere seg før tre månadar før. Det kan vere knapt i nokre samanhengar – særleg med tanke på offshoreturnusen.

Under ein kaffipause til produksjon kan ein møte både dei som er ferske og dei som har arbeidd på Gullfaks A i fleire år. Foto: Shadé B. Martins/Norsk Oljemuseum

Det ideelle, fortel plattformsjef på Gullfaks A, Bjørn E. Solheim, er å la nye og gamle arbeide saman i ein periode. Då kan den eldre oljearbeidaren få formidla det han eller ho kan – kunnskap som kanskje elles vil forbli taus, samtidig som den nyutdanna oljearbeidaren får formidla ny kunnskap innanfor arbeidsfeltet.

Slike arrangerte arbeidskonstellasjonar kan skape noko generasjonskonflikt. Solheim fortel om ein godt vaksen, mannleg oljearbeidar som murra då han måtte ha med seg ei ung, kvinneleg oljearbeidar. Det gjekk likevel ikkje lang tid, fortel Solheim, før murring hadde godt over til lovord og tommel opp.[REMOVE]Fotnote: Plattformsjef Bjørn E. Solheim i samtale med Shadé B. Martins, Ole Kvadsheim og Julia Stangeland på Gullfaks A, 26. juni 2024.

Opplæring og det å ta inn lærlingar er viktig når mange oljearbeidarar etter kvart skal gjere som Heidi Frette og begynne på «skift sju».

Publisert 3. desember 2025   •   Oppdatert 15. desember 2025
© Norsk Oljemuseum
close Lukk