Samlokalisering på Mongstad

person Julia Stangeland
Sommaren 2015 var det slutt på forsyningar frå Florø og Ågotnes. Frå då av skulle alle forsyningar til Gullfaks bli sendt frå Mongstad.

Tradisjonelt var basefordelinga på Vestlandet, nord for Boknafjorden fordelt mellom dei tre norske oljeselskapa på følgjande måte: Saga Petroleum brukte Fjord Base i Florø, Norsk Hydro brukte forsyningsbasen på Mongstad og Statoil brukte CCB Ågotnes på Sotra. Under stortingsforhandlingane om Gullfaks i 1981, blei det bestemt at feltet skulle forsynast frå Florø og Ågotnes.[REMOVE]Fotnote:Innst. S. nr .365 (1980—81) Innstilling fra industrikomitéen om ilandføring av gass fra Statfjordfeltet, s. 11 og Lerøen, Bjørn Vidar. 34/10 olje på norsk – en historie og dristighet. Statoil. 2006, s. 75.

Dette var eit ledd i distriktspolitikken og i tråd med både petroleumslova, dei ti oljeboda og ei stortingsmelding frå 1973 – som sa at petroleumsverksemda på norsk sokkel skulle kome næringslivet i resten av landet til gode.[REMOVE]Fotnote: Lov om petroleumsvirksomhet (petroleumsloven) av 1996. https://lovdata.no/lov/1996-11-29-72/§1-2  og «De ti oljebud» https://www.norgeshistorie.no/kilder/oljealder-og-overflod/K1905-de-ti-oljebud.html  Begge lasta ned 8. november 2024. Og «St. meld. nr. 25 (1973-74)» https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld-st-25-1973-1974/id708378/  Lasta ned 22. november 2024.

Våren 2013 var det gått over 30 år sidan vedtaket om utbygging av Gullfaksfeltet. Saga Petroleum var for lengst kjøpt opp av Norsk Hydro og sistnemnte sin oljedivisjon hadde i 2007 fusjonert med Statoil.

Statoil meinte at den gamle baseinndelinga var forelda og at det var på tide å vurdere moglegheitene for å samlokalisere, spesialisere og økonomisere baseverksemda. Det var ikkje alle like begeistra for.

Flyttemelding trass i politisk motvilje

Då Statoil i april 2013 opna opp for at selskapet kunne komme til å endre basestrukturen og flytte mykje av baseverksemda frå Ågotnes og Florø, til Mongstad, var det særleg politikarane i Flora kommune (som Florø er ein del av) og Sogn og Fjordane som reagerte. I verste fall kunne endringa føre til at behovet for tilsette på basen blei redusert frå 500 til 250 personar, noko som ville bety at mange stod utan jobb i fylket. Likeins frykta politikarane at mange av leverandørselskapa, som til dømes Nor Tekstil, ville relokalisere til Mongstad.

Medan Hordaland fylke ikkje ville tape like mykje, all den tid Ågotnes og Mongstad begge høyrte til i same fylke, høvesvis ca. 30 minutt sør og 1 time nord for Bergen, ville konsekvensane potensielt kunne bli langt større for Sogn og Fjordane.

Politikarane rundt Fjord Base meinte at Statoil sitt ønske var brot på konsesjonsvilkåra for drift på Gullfaksfeltet og andre felt, og at statsråden måtte gripe inn. Olje- og energiministar Tord Lien (FrP) ville derimot ikkje gjere noko.[REMOVE]Fotnote: «Fryktar oljenæringa kan få eit hardt slag under beltet», 18. april 2013, https://www.nrk.no/vestland/reagerer-pa-fjordbaseplanar-1.10990815, NRK, «Statoil vil kutte aktivitet i Flora, mange arbeidsplassar kan forsvinne», 31. oktober 2013, https://www.nrk.no/vestland/fryktar-for-arbeidsplassar-i-flora-1.11331105 og NRK, «Ministeren vil ikkje løfte ein finger for oljebasen i Florø», 4. desember 2013, https://www.nrk.no/vestland/ingen-lovnad-fra-ministeren-1.11395757  Alle lasta ned 31. oktober 2024.

Kanskje var det fordi han hadde lytta til Statoil sine argument om billigare og meir effektive seglingsmønster, spesialisering, stordriftsfordelar og plikt til å tene pengar.

12. november 2013 bestemte Statoil si leiargruppe at omorganiseringa skulle skje slik som dei hadde skissert.[REMOVE]Fotnote: «Har bestemt å byggje ned oljebasen», 12. november 2013, https://www.nrk.no/vestland/har-bestemt-a-byggje-ned-oljebasen-1.11353708  Lasta ned 31. oktober 2024.

I Sør-Noreg såg den nye basestrukturen slik ut: Fjord Base i Florø ville bli landsdekkande base for fôringsrøyr, i tillegg til å halde fram med å sende forsyningar til Snorre, Visund og til Tordis/Vigdis. CCB Ågotnes ville bli subseabase for Sør-Noreg, Dusavik ville forsyne Statoil sine sørlege oljefelt, medan det som frå 2015 blei CCB Mongstad skulle bli Statoil sin største forsyningsbase, med forsyningar til om lag 20 installasjonar (sjå faktaboks).

Statoil hadde levert flyttemelding. Frå sommaren 2015 måtte det lagast nye adresselappar, og  Statoil måtte begynne å pakke.

123 biltransportar

Medan det var i Sogn og Fjordane dei protesterte høgast, var den største flytteprosessen mellom Ågotnes og Mongstad. Det var ikkje berre Gullfaks sitt lagar som skulle flyttast.

Flytteprosessen starta i mai 2015. Då den blei avslutta 26. februar 2016 hadde lagerbehaldninga til 10 plattformer blitt flytta. 123 biltransportar hadde køyrt mellom dei to tettstadane.

I ei vanleg flytting er det ikkje uvanleg å litt uti prosessen redusere skrifta på flytteeskene til «ting og tang frå leilegheita». Under flyttinga til Mongstad, visste dei ansvarlege til ein kvar tid kva som skulle flyttast med kva for ein bil. I det tilfellet at det var behov for ein viktig del til reperasjonar på til dømes Gullfaks A, skulle det alltid vere kjent kvar delen var – på Ågotnes, i Florø, på Mongstad eller på vegen.[REMOVE]Fotnote: Forsyningsleiar, Janne Thomassen og operasjonskoordinator og sikringsansvarleg, Arve Jostein Soltveit (begge Equinor) til Shadé B. Martins og Julia Stangeland, på Mongstad, 17. september 2024.

«Mongstad den store»

Logistikk-koordinator for retur, Frode Hodneland arbeidde på Ågotnes då nyheita om Statoil sine planar kom. Han fortel at mange på Ågotnes var bekymra, men at det letta på stemninga då det i 2015 blei kjent at Mongstadbase AS var kjøpt av CCB AS, firmaet som dreiv basen på Ågotnes. Firmaet som dei jobba i skulle altså drive basen der Statoil framover skulle ha mykje av verksemda si. Saman med fleire andre blei Hodneland med på flyttelasset.[REMOVE]Fotnote:Logistikk-koordinator, retur Mongstad, Frode Hodneland til Shadé B. Martins og Julia Stangeland, på Mongstad, 17. september 2024.

På CCB Mongstad arbeider det i dag om lag 10 Equinor-tilsette og 500 CCB-tilsette. Saman med underleverandørar planlegg, pakkar dei og sender varer til om lag 20 installasjonar.

Rundt 50 lastebilar kjem kvar dag til forsyningsbasen på Mongstad. Kvar månad har basen om lag 90 fartøyanløp knytt til forsyningar. Mellom 11 000 og 13 000 hiv (kranløft) blir gjennomført kvar månad – med varer som skal ut og varer som kjem i retur. Til saman utgjer det om lag 45 000 tonn kvar månad! Bulk – flytande varer, kjem i tillegg.[REMOVE]Fotnote:Forsyningsleiar, Janne Thomassen og operasjonskoordinator og sikringsansvarleg, Arve Jostein Soltveit (begge Equinor) til Shadé B. Martins og Julia Stangeland, på Mongstad, 17. september 2024.

Forsyningsbasen på Mongstad er Equinor sin største forsyningsbase og faktisk òg ein av dei største forsyningsbasane i verda – målt etter årleg mengde tonn over kai.[REMOVE]Fotnote: Strilen, «- Mongstad mellom de største basane i verda. Kan få storinnrykk av servicebedrifter», 25. januar 2014, s. 4-5 og Nordhordland, «Skal verta verdas største forsyningsbase: – Flyttinga er i gang», 23. mai 2015, s. 6.

 

Equinor sine forsyningsbasar 

Dusavik (Stavanger)
Forsyner Sleipner, Gudrun, Draupner, Grane, Gina Krog og Johan Sverdrup, i tillegg til leiting i den sørlege regionen.

CCB Ågotnes
Hovudbase for subsea.

CCB Mongstad
Forsyner Brage, Oseberg A, B, C og D, Oseberg Sør og Oseberg Øst, Troll A, B og C, Veslefrikk/Huldra, Kvitebjørn, Valemon, Statfjord A, B og C, Gullfaks A, B og C.

Florø
Forsyner Snorre, Visund, Tordis/Vigdis, og er sentralbase for fôringsrøyr (OCTG) til norsk sokkel.

Kristiansund
Forsyner Heidrun, Kristin, Njord, Tyrihans og Åsgard, i tillegg til leiteaktivitetar i Norskehavet.

Helgelandsbase (Sandnessjøen)
Forsyner Norne, Skuld og Urd, i tillegg til leiting i Norskehavet.

Polarbase (Hammerfest)
Forsyner Snøhvit, Hammerfest LNG og leiting i Barentshavet.[REMOVE]Fotnote: https://www.equinor.com/no/hvor-vi-er/norge-her-finner-du-oss Lasta ned 18. september 2024.

 

Publisert 2. desember 2025   •   Oppdatert 10. desember 2025
© Norsk Oljemuseum
close Lukk