Produksjonsstart på Gullfaks A
På Gullfaks A var det ikkje lys i julestjerner eller adventlys som stod i fokus då det nærma seg jul. I Status Bergen frå desember 1986 er det klart at dei berre hadde eit mål: Nemleg å få fyr i fakkelen – ein flamme som skulle brenne lenge etter at juletida var over.
Flammen ville vere eit synleg bevis på at plattforma produserte olje og gass.
Magasinet gjekk i trykken før 22. desember 1986, som var datoen då Statoil-sjef Arve Johnsen, ifølgje artikkelen skulle starte oljeproduksjonen ved å trykke på ein knapp i kontrollrommet på Gullfaks A. Produksjonsstarten skulle vidare markerast med enkel servering i kantina på Sandsli, 23. desember.[REMOVE]Fotnote: Status Bergen (Statoil). 1986 Vol. 5 Nr. 11, «I produksjon før jul», s. 3. Nasjonalbiblioteket.
I ettertid veit vi at det gjekk slik som det stod skrive i Status Bergen. 22. desember starta produksjonen frå fire undervassbrønnar.[REMOVE]Fotnote: Equinor, «Gullfaks», https://www.equinor.com/no/energi/gullfaks Lasta ned 27. januar 2025. Vi veit òg at produksjonen til alt overmål skjedde eit halvt år før planen, mellom anna takk vere at Gullfaks A i starten produserte frå førehandsbora undervassbrønnar og ikkje frå brønnar bora frå plattforma.
Den offisielle opninga av plattforma blei seinare markert i juni 1987, då produksjonen skulle ha starta.
Produksjonsstart på Gullfaksfeltet i desember 1986 og overtaking av operatørskapet på Statfjordfeltet ved årsskiftet 1986/87 markerer ei stor endring for Statoil. Selskapet gjekk frå å vere eit skrivebordsselskap til å bli eit selskap som produserte olje og gass.
Byggingen av C-dekketDen fyrste oljelasta
