Produksjonsstart for VigdisGullfaks frå Saga til Statoil

Produksjonsstart for Visund

person Julia Stangeland
21. april 1999 var det klart for produksjonsstart på Visund A. Olja og gassen blir prosessert på plattforma, før olja blir sendt til Gullfaks A og gassen til Kvitebjørn.
— Visund A er ein halvt nedsenkbar integrert bustad-, bore- og prosesseringsplattform. Foto: Kjetil Alsvik/Equinor
© Norsk Oljemuseum

Visundfeltet og Snorrefeltet har nokre fellestrekk: Dei produserer og prosesserer begge si eiga olje, og denne olja blir i begge tilfella sendt med røyr til Gullfaks A for lagring og uttransportering. Dei har òg begge nokre undervassbrønnar.

Eit anna fellestrekk – som dei for så vidt deler med andre felt og installasjonar, er at dei har blitt bygd ut og endra i fleire omgangar og fasar.

Dei har òg noko som skil dei frå kvarandre. Medan Snorrefeltet er utstyrt med to plattformer, klarer Visundfeltet seg med éi, og medan gassen frå Snorre blir sendt tilbake i reservoaret, blir gassen frå Visund produsert og sendt til land gjennom røyr, via Kvitebjørn.

Visundfeltet blei påvist i 1986 og plan for utbygging og drift blei godkjent i 1996. Visund starta med oljeproduksjon, for å så å utvide med gass.[REMOVE]Fotnote: «Visund» på Norsk Petroleum. https://www.norskpetroleum.no/fakta/felt/visund/  Lasta ned 19. desember 2025.

Visundfeltet ligg på 335 meters djup, 26 kilometer nordaust for Gullfaks A. Kart: Sokkeldirektoratet.
Produksjonsstart for VigdisGullfaks frå Saga til Statoil
Publisert 19. desember 2025   •   Oppdatert 19. desember 2025
© Norsk Oljemuseum
close Lukk