Gullfaks «tar sjansen»Olympisk ild besøkte Gullfaks

Produksjonsstart for Snorre

person Julia Stangeland
3. august 1992 starta produksjonen på Snorre A. Olja frå Snorre blir sendt til Gullfaks A, medan gassen blir reinjisert i reservoaret.
— Snorre A er ein flytande bore-, produksjons og bustadplattform som har produsert olje sidan sommaren 1992. Foto: Kjetil Alsvik/Equinor
© Norsk Oljemuseum

Kvifor skrive om Snorrefeltet på Industriminne Gullfaks? Jo, fordi olja frå Snorrefeltet blir sendt i røyr til Gullfaksfeltet, nærmare bestemt til Gullfaks A. Her blir olja lagra og seinare lasta over på tankskip.

Snorrefeltet

Snorrefeltet ligg på 300 til 350 meters havdjup. Medan olja blir produsert, blir gassen i stor grad reinjisert i reservoaret. Om lag tre fjerdedelar av feltet si olje er i dag (2026) produsert.[REMOVE]Fotnote: «Snorre» på Norsk Petrolum, https://www.norskpetroleum.no/fakta/felt/snorre/  Lasta ned 17. desember 2026.

Snorre A fekk i 2001 selskap av Snorre B, som ligg 7 km nord for Snorre A. Snorre B sender olja si til Statfjordfelet og gassen til Snorre A.

I tillegg til dei to plattformene som er godt synlege over vassoverflata, blir òg havbotnbrønnar brukt under produksjonen.

Snorrefeltet var opphavleg eit Saga-operert felt. I dag er det Equinor, tidlegare Statoil som er operatør for det.

Om lag 30 km sør for Snorrefeltet, ligg Gullfaks A – mottakaren av olja. Kart: Sokkeldirektoratet

Vinn-vinn

Snorre-olja er eitt av dei fyrste eksterne produkta som plattformene på Gullfaksfeltet har tatt og tar imot. Seinare har Gullfaks B og Gullfaks C mottatt olje og gass frå fleire omkringliggande felt og satellittar, både frå plattformer og frå undervassproduksjon.

I motsetnad til for Snorre-olja, har mykje av desse andre produkta òg blitt prosessert om bord på Gullfaks A eller C. Dette gjeld særleg undervassproduserte produkt.

Dei to største betongplattformene på Gullfaksfeltet fungerer på den måten som knutepunkt for prosessering, lagring og vidaresending av olje og gass. Desse eigenskapane gjer at dei mindre førekomstane i området kan byggast ut, utan at ein treng å bygge store plattformer.

Utan eksterne bidraga, ville dei tilsette kort tid etter tusenårsskiftet måtta budd seg på å stenge ned Gullfaks-plattformene.[REMOVE]Fotnote: Bryne, Berit. «Møter framtiden under vann» i Statoil magasin (trykt utg.). 1999 Vol. 21 Nr. 2, s. 23. Gullfaksfeltet og dei omkringliggande felta har på den måten hatt gjensidig nytte av kvarandre.

Les meir om felt som leverer til Gullfaks i artikkelen med same namn.

Gullfaks «tar sjansen»Olympisk ild besøkte Gullfaks
Publisert 18. desember 2025   •   Oppdatert 19. desember 2025
© Norsk Oljemuseum
close Lukk