Produksjonsrekord
605 965 oljefat blei produsert denne oktoberdagen.[REMOVE]Fotnote: Equinor, «Gullfaks». https://www.equinor.com/no/energi/gullfaks Lasta ned 24. januar 2025. I oktober 1994 hadde det gått knappe fem år sidan den siste av Gullfaks-plattformene, Gullfaks C, blei sett i produksjon, og det var det året då Gullfaks produserte mest olje.
I juni 1994 leverte Gullfaks oljelast nummer 1000. Olja blei frakta til Mongstad av skipet «Polytrader». Milepælen blei markert med kake om bord.[REMOVE]Fotnote: Strilen, «Gullfaks-last nr. 1000 til Mongstad», 29. juni 1994, s. 10. Nasjonalbiblioteket.

Det var ikkje berre Gullfaksfeltet som sette produksjonsrekord i oktober 1994. Dei samla norske oljefelta produserte i den månaden i gjennomsnitt 2,71 millionar fat olje per dag, noko som var produksjonsrekord på norsk sokkel.[REMOVE]Fotnote: Saltnes, Oddvar. «Oppmuntrende oljehøst på norsk sokkel» i LO-aktuelt fri fagbevegelse. 1994 Vol. 89 Nr. 15. 1994, s. 40 og 41. Nasjonalbiblioteket.
1994 skil seg elles ut som eit år som var særleg prega av uhell og dårleg sikkerheit, både på Gullfaksfeltet spesielt og på norsk sokkel generelt.
Olympisk ild besøkte GullfaksFakkelen sløkka