Oljesjargong – eit språk du nesten forstår

person Julia Stangeland
Du mista meg ved PVU.
— Å forstå kva ein BOP er, samtidig som ein prøver å hugse kva BOP står for, er ikkje lett for museumsarbeidarane, Ole Kvadsheim og Julia Stangeland. Prosessteknikar Anette Kristin Darre Øberg, i grøn hjelm, forklarer så godt ho kan. Foto: Shadé B. Martins/Norsk Oljemuseum
© Norsk Oljemuseum

– Har du sett AT-en for arbeidet som skal gjerast på BOP-en?

– Nei, eg har ikkje sett SJA-en heller, men eg trur dei skulle snakke om det på 5-møte. Det er mogleg at det var noko meir å «investigere» før dei kunne lande ein plan. Eg trur det var ein diskusjon om kva slags PVU som var naudsynt. Kanskje du kan høyre med HVO-en, ho er inne og snakkar med FA-en?

– Ikkje hjå PLS-en? Det var det dei sa på radioen. Det var visst noko med MOB-båten. Eit eller anna som ikkje var i orden.

– Eg såg ho i alle fall akkurat inne hjå FA. Kanskje ho var ferdig hjå PLS-en?

Dette er ein konstruert samtale som er meint å illustrerer nokre av dei utfordringane som nye folk kan møte på når dei skal forsøke å kommunisere med og forstå folk i oljeindustrien (offshore eller ikkje).

Rett over hovudet

I slutten av juni 2024 var tre av oss som arbeider med Industriminne Gullfaks på besøk på Gullfaks A. Kl. 17 dag to var vi med på det daglege SBP-møtet (apropos forkortingar), Samordna boring- og produksjonsmøte.

Her blei det mellom anna orientert om ulikt arbeid som gjekk føre seg rundt på plattforma og avklart at det ikkje blei gjort arbeid som kom i konflikt med anna arbeid, og som av den grunn kunne utgjere ein sikkerheitsrisiko.

Den grønne hjelmen viser at to av tre kvinner er VO. Kristine Berge til venstre er til og med HVO. Foto: Shadé B. Martins/Norsk Oljemuseum

Ulike kartplansjar over plattforma blei vist på skjermar rundt i rommet. Områdeforkortingar og andre forkortingar hagla, og sjølv om nokre av dei var kjende for oss tre museumstilsette, gjekk dei fleste rett over hovuda våre.

Situasjonen kan samanliknast med kjensla av å lytte til eit språk som du trur du kan, og så oppdage at du ikkje kan det så flytande som du trudde at du kunne.

Kva er så bakgrunnen for oljesjargongen?

Effektivitet og sikkerheit

Å ha ein eigen sjargong er ikkje unikt for oljebransjen og heller ikkje for arbeidslivet.

Mange av forkortingane har kanskje starta som ein del av skriftspråket for å unngå å skrive lengre frasar ut kvar gong, særleg viss formuleringa må repeterast fleire gonger.

Nokre av desse forkortingane har vidare funne sin veg over i munnleg kommunikasjon, som ISO som er langt lettare å sei enn isolasjons- og overflatebehandling.

Forkortingar kan òg vere nyttig når det skal kommuniserast over radio og i støyande miljø.

Går vi tilbake til SBP-møte vil områdeforkortingar vere ein måte å på effektivt og presist vis få kommunisert kvar ulikt arbeid skal gjennomførast.

Effektiv kommunikasjon ved hjelp av forkortingar kan vere essensielt i ein krisesituasjon, der det så raskt som mogleg gjeld å få mobilisert tiltak som kan avverje ein potensielt katastrofal situasjon.

Å rapportere til kontrollrommet om problem på M16 nedre modul hovuddekk er eksempel på effektiv kommunikasjon, noko som kan vere avgjerande for å avverje ein katastrofe. Kjelde: Equinor

Kor effektiv denne kommunikasjon blir, vil naturlegvis vere avhengig av at alle snakkar same språk – eller same sjargong.

For ein oljearbeidar vil det nok ta litt tid før oljesjargongen sit, men ein dag – kanskje om lag samtidig som du klarer å flytte deg frå A til B utan å gå deg vill (dei museumstilsette hadde heldigvis alltid med seg følgje ute i anlegget). Ein vaskekte oljearbeidar har nok òg blitt introduserte for enkelte av uttrykka før han eller ho kjem ut på plattform.

Til deg som lurer

Eg trur ikkje nødvendigvis at den gjengse oljearbeidaren vil tenke at min konstruerte samtale er særleg realistisk, men bruken av forkortingar vil kanskje ikkje ein gong bli lagt merke til. Etter kvart snappa vi heldigvis opp noko av forkortingane. Noter dei gjerne bak øyret i tilfellet du ein gong vil imponere ein oljearbeidar.

Ein vaskekte PLS på kontoret sitt. Andre kjenner Bjørn E. Solheim som IOM. Foto: Shadé B. Martins/Norsk Oljemuseum
  • AT står for «arbeidstillatelse» som må utarbeidast i samband med ein del arbeidsoppgåver, som det er knytt ulike typar risiko til.
  • SJA står for «sikker jobb analyse». Dette blir gjennomført i forkant av ei arbeidsoppgåve, for å avdekke potensielt farlege punkt, sjå kva som kan gjerast for å senke eventuell risiko eller om det finst andre, mindre farlege måtar å gjere jobben på.
  • «Investigere» var eit uttrykk som blei brukt på eit morgonmøte. Det er eit slags forsøk på å fornorske bøyinga av det engelske ordet «investigate», som altså betyr å etterforske noko. Bruken av ordet viser korleis engelsk ord og uttrykk er ein del av oljebransjen, særleg enkelte delar av den.
  • PVU står for «personleg verneutstyr». Standard personleg verneutstyr er kjeledress, høyrselsvern, vernebriller, hanskar og verneutstyr. Tillegg til det standardiserte pålagte utstyret kan for eksempel vere øyreproppar som eit tillegg til høyrselsvern i særleg støyutsette områder, annan type overtrekksdress eller ansiktsvisir.
  • HVO står for «hovudverneombod», medan VO står for verneombod.
  • FA står for «forpleiing og administrasjon», altså leiaren for dei som arbeider med til dømes reingjering, matlaging og å ta imot helikoptera offshore.
  • PLS står for «plattformsjef». Ei anna forkorting som blir brukt om denne stillinga er OIM, «Offshore Installation Manager». Kvar plattform har tre plattformsjefar, éin for kvar rotasjon.
  • MOB-båt står for «mann over bord»-båt. Denne kan firast ned og takast i bruk viss nokon ramlar over bord.
Når det skal høgtrykkspylast med 1500 bar, krevst det litt ekstra PVU. Foto: Shadé B. Martins/Norsk Oljemuseum

Og viss oljearbeidaren ikkje blir imponert. Fortvil ikkje. Forkortingane har berre blitt ein så sjølvsagt del av ordforrådet hans/hennar at vedkomande ikkje legg merke til det lenger. Kanskje har det til og med gått så langt at vedkomande ikkje forstår at ikkje alle kommuniserer med dei same forkortingane.

Som du har lese i denne artikkelen er ein ikkje lenger framand for engelske formuleringar og forkortingar, som det ein var då feltet var nytt. Den gongen var det viktig å få markert at Gullfaks var det fyrste norske oljefeltet.

 

Publisert 10. desember 2025   •   Oppdatert 15. desember 2025
© Norsk Oljemuseum
close Lukk