Oljefrakta

person Julia Stangeland
Fleire selskap og reiarlag har vore involvert i oljefrakta frå Gullfaksfeltet spesielt, og på norsk sokkel generelt.
— Ein bøyelastar frå Einar Rasmussen Rederi (nærmast) og ein frå Knutsen O.A.S. hentar olje frå kvar si lastebøye på Gullfaksfeltet. Alle Rasmussen-skipa starta med Poly, som «Polytraveller» og «Pollytrader». «Ragnhild Knutsen» og «Gerd Knutsen» viser kva slags namnesystem Knutsen-skipa følgde. Foto: Equinor
© Norsk Oljemuseum

Våren 1984 blei det slått fast at olja frå Gullfaksfeltet ikkje skulle sendast til land gjennom røyr, men fraktast med skip. Same år blei I/S Gullfaks Transport skipa.

I/S Gullfaks Transport

Selskapet skulle frakte olja for alle lisenspartnarane, Statoil, Saga Petroleum, Norsk Hydro og etter kvart òg Statens direkte økonomiske engasjement (SDØE). Lisenspartnarane hadde kvar og ein like stor eigardel i I/S Gullfaks Transport, som dei hadde i Gullfaksfeltet. Statoil var operatør for selskapet, akkurat som det var operatør for Gullfaksfeltet.

Interesseselskapet I/S Gullfaks Transport har mange fellestrekk med K/S Statfjord Transport a.s & Co som frakta olja frå Statfjordfeltet. Ingen av selskapa hadde eigne skip, men langtidschartra skip frå fleire reiarlag.[REMOVE]Fotnote: Statoil, Årsrapport 1990, s. 34, https://www.equinor.com/investors/annual-reports-archive

Skipa som blei brukt var såkalla bøyelastarar, skip som var konstruert for å kople seg til lastebøyene som fanst på mellom anna desse to felta.

For Statoil var det viktig at skipa som blei bygd hadde høg standard. Dette var viktig både av økonomiske årsaker og av omsyn til effektiviteten, men òg av omsyn til sikkerheit. Fleire nye skip blei derfor bygd til formålet.[REMOVE]Fotnote: Nerheim, Gunnar og Gjerde, Kristin Øye. Uglandrederiene: verdensvirksomhet med lokale røtter. Andreas K. L. Ugland og Johan Jørgen Ugland. Grimstad 1996, s. 404-405.

Sikkerheit under oljetransport

Gustav A. Waage som var fyrste fagsjef innanfor maritim transport i Statoil, stilte strenge krav til bøyelastarane:

  • Bøyelastaren skulle ha separate tankar for ballastvatn.
  • Det skulle ha to baugpropellar og eit styrehus i baugen, som skulle brukast når olja skulle lastast om bord.[REMOVE]Fotnote:Lindøe, John Ove. Inn fra havet. Bøyelasternes historie. Wigestrand Forlag og Stavanger Sjøfartsmuseum. Stavanger 2009, s. 87-88.

Ugland-skipa representerte ei nyvinning:

  • Dei var dei fyrste bøyelastarane bygd med doble skrog og dei fyrste med to hovudmotorar, doble ror og to propellar.
    • Ekstra motorkraft skulle gjere tankskipsforlis mindre sannsynleg, og det doble skroget ville gjere ei oljelekkasje mindre sannsynleg viss ei ulukke likevel skulle skje.
  • Seinare, i 1993, vedtok FN sin skipsfartsorganisasjon, IMO (International Maritime Organization) å innføre krav om doble skrog. Vedtaket skulle gjelde for alle skip bygd etter 1993.[REMOVE]Fotnote:Lindøe, Inn fra havet. Bøyelasternes historie, s. 57–58.

 

Reiarlaga Knutsen OAS i Haugesund og dei to sørlandsreiarlaga Einar Rasmussens Rederi og AS Uglands Rederi var dei tre reiarlaga som frakta olja inn til land frå Gullfaksfeltet og Statfjordfeltet. Skipa var alle relativt nye og etter kvart som drifta på Gullfaksfeltet kom i gang og blei utvida med fleire plattformer, var det behov for fleire bøyelastarar.[REMOVE]Fotnote: Alver, Inge A. «I skytteltrafikk mellom oljefelta og Mongstad». Strilen. 18. mars 1992, s. 2 og 3. Nasjonalbiblioteket.

Ugland-skipet, «M/T Sarita» var det fyrste skipet som henta olje på Gullfaksfeltet. Dette bilete er frå 1990. Foto: Øyvind Hagen/Equinor

Fordi oljefelta jamleg måtte «tappast» for olje kunne ikkje bøyelastarane gå langt. Olja blei stort sett frakta til «lokale» raffineri rundt Nordsjøbassenget, som raffineriet i Kalundborg, Danmark eller til raffineriet på Mongstad, nord for Bergen.[REMOVE]Fotnote: Statoil, Årsrapport 1990, s. 34. Ein del av Gullfaks-olja blei òg mellomlagra på oljeterminalen på Mongstad. Der blei den seinare henta av vanlege oljetankarar, som så frakta den vidare, for eksempel til land i Asia.[REMOVE]Fotnote: Tidlegare oljetrader i Statoil/Equinor, Lise Gro Ekholdt i samtale med forskar Ole Kvadsheim, 28. februar 2025.

Raffineriet og oljeterminalen på Mongstad hadde i si tid blitt bygd ut, nettopp med tanke på at Noreg etter kvart ville få stor tilgang på olje, både frå Statfjord- og Gullfaksfelta.

Navion og Teekay

I 1997 blei I/S Gullfaks Transport og dei andre tilsvarande selskapa ein del av eit nytt selskap, kalla for Navion.

Navion blei skipa etter at Statoil bestemte seg for å skilje ut det forretningsområdet som blei kalla for Shipping & Maritime Technology (SMT). Bakgrunnen for dette valet var at Statoil ville spisse kjerneverksemda si og samtidig invitere partnarar til å delta i det nye forretningsområdet.

Rasmussengruppen i Kristiansand, tidlegare Einar Rasmussens rederi, var det einaste selskapet som var interessert. Dei kjøpte 20 prosent av Navion.[REMOVE]Fotnote: Lindøe, Inn fra havet, s. 63 og 66.

John Ove Lindøe skriv i boka Inn fra havet. Bøyelasternes historie at samarbeidet ikkje var nokon suksess. Han meiner at Statoil og Rasmussengruppen i for liten grad hadde avklart korleis samarbeidet skulle fungere.[REMOVE]Fotnote: Lindøe, Inn fra havet, s. 71-73.

I 2000 var Statoil sitt shippingselskap Navion eit av Noreg sine største reiarlag. På nyåret i 2002 disponerte reiarlaget ein flåte på 60 skip, fordelt på 25 bøyelastarar og 35 andre skip av forskjellige kategoriar. I desember same år blei Navion selt til det kanadiske reiarlaget Teekay for 800 millionar amerikanske dollar, noko som tilsvarte om lag fem milliardar norske kroner.[REMOVE]Fotnote: Lindøe, Inn fra havet, s. 63.

I kontrakten mellom Navion og Teekay heiter det at Teekay fekk ein såkalla uttømmingskontrakt, noko som inneber at Teekay hadde einerett til bøyelasting og transport frå ei rekke ulike felt, så lenge feltet er i produksjon.

Equinor kunne med andre ord ikkje bestemme seg for å sjølve frakte olja frå Gullfaksfeltet og inn til land.

Bøyelasting etter 2025

På nyåret 2025 blei Teekay i sin tur selt til det greske selskapet Altera. Kor vidt dei har overtatt denne eineretten frå Teekay, er usikkert.

Det som er sikkert er at Equinor er eit selskap som har eit stort behov for tenester innanfor sjøtransport. Som selskapet skriv på heimesida si:

«Vår sjøtransport av råolje, flytende raffineriprodukter, flytende petroleumsgass og LNG-volumer innebærer mer enn 2300 reiser verden over per år og frakter om lag 100 millioner tonn årlig.»[REMOVE]Fotnote: Equinor, «Sjøtransport i Equinor». https://www.equinor.com/no/energi/shipping  Lasta ned 24. januar 2025.

Per 2025 var over 170 skip dagleg i arbeid med å samle og transportere energiprodukt, hente og levere varer og utstyr.

Ein del av denne verksemda er bøyelastarane som fraktar olja frå Gullfaksfeltet.

 

Publisert 1. desember 2025   •   Oppdatert 15. desember 2025
© Norsk Oljemuseum
close Lukk