Neste stopp: plattformlivet
Fyrst når du har gått på grunnleggande sikkerheitskurs og fått gyldig helseattest, får du reise med helikopter offshore.
Sikkerheitskurs
Sikkerheitskurset inneheld mellom anna desse punkta:
- HMS-kultur, førebygging og sikkert arbeid.
- Fyrstehjelp
- Kollektiv evakuering
- Brannvern
- Sjøredning
- Helikopterevakuering
Det fire dagar lange kurset vekslar mellom teori og praksis. Kursdeltakarane øver på å evakuere eit mørkt rom og på å sløkke brannar med brannsløkkingsapparat og brannteppet. Dei øver på hjarte- og lungeredning og det blir gjort øvingar i vatn. Å evakuere gjennom vindauge frå eit velta helikopter er ei av desse øvingane, å snu ei evakueringsflåte ute i sjøen er ei anna øving.[REMOVE]Fotnote: Maersk training er ein av aktørane som tilbyr kurs i Noreg. Informasjon om kurs. https://resq.no/kurs/offshorekurs/gsk-grunnleggende-sikkerhetskurs Lasta ned 3. juli 2024.

Viss du arbeider fast offshore kan du ha oppgåver knytt til beredskap, vere del av eit brannvernlag eller fyrstehjelpslag. I dei tilfella vil du få ekstra opplæring.
Før du kan reise offshore må du måle skulderbreidda di. Det er for å undersøke om du har skuldrer som er for breie til å kunne evakuere gjennom eit vanleg helikoptervindauge. Folk med ekstra breie skuldrer blir plassert ved eigne evakueringsområde i helikopteret.
Etter bestått kurs er du nesten klar for å reise offshore, men fyrst må du sjekke om helsa di er god nok.
Helseattest
Alle plattformer har ein sjukepleiar om bord. Denne skal gjere forebyggande arbeid, behandle skader som kan oppstå og eventuell akutt sjukdom. Dokumentert sjukdom som du allereie slit med, kan hindre at du får arbeide offshore.
For å få reise ut med helikopteret må du gjennomføre ein helsesjekk hjå ein godkjent offshorelege. Helsesjekken skal utelukke at du har sjukdommar som kan bli farleg for andre eller som kan bli farlege for deg. For dårleg syn/høyrsel eller eit dårleg hjarte kan vere eksempel på dette.
Sjukdommar og andre helsemessige forhold som du slit med, vil vere tema under helsesjekken. Offshorelegen tar vurderinga på om forholda er under kontroll – stabilt og godt medisinert til dømes, eller om det er grunn til å nekte deg utreise.
Dersom du består helseattesten, vil du nå vere klar til å reise ut på plattform.
Helikopterturen
– Eg hadde med kona mi på oljemuseet ein gong, fortel Kenneth Alm Bendiksen som arbeider i avdelinga for elektro og automasjon på Gullfaks A. – Då vi gjekk forbi helikopter-området sa eg til henne at eg skulle vise henne noko. Alm Bendiksen gestikulerer korleis han sette seg ned i helikoptersete, lukka augo og sovna på rekordtid.[REMOVE]Fotnote: Kenneth Alm Bendiksen i samtale med Shadé B. Martins, Ole Kvadsheim og Julia Stangeland på Gullfaks A, 25. juni 2024.

Om han verkeleg sov eller berre lét som, er ikkje godt å seie, men Alm Bendiksen er nok ikkje den einaste som nyttar timen mellom Flesland og Gullfaksfeltet til å sove.
Før han og kollegane hans får sett seg i helikopteret er det nokre prosedyrar dei må gjennom.
Innsjekkinga er om lag som ei innsjekking på flyplassen, men saman med boardingkortet ditt, vil du òg få utdelt lugaren din og informasjon om kva for ein livbåt du skal evakuere med.
Bagasjereglane er òg noko strengare enn ved flyreiser. Du kan berre ta med to kolli på ti kilo kvar og det er ikkje rom for handbagasje på helikopteret. Dersom du har med medisin må denne pakkast separat og opnast saman med sjukepleiaren på plattforma.
Ei lita bok og avslått mobiltelefon (flymodus er ikkje godt nok) får plass innanfor redningsdrakta og kan derfor takast med. Drakta får du utlevert i skranka etter sikkerheitskontrollen. Skoa du hadde på deg blir plassert i ein skobag før du tek på deg drakta som òg inneheld sko.
Før du kan ta plass i helikopteret blir det vist ein sikkerheitsfilm som mellom anna viser festing av beltet, korrekt bruk av drakta, evakuering og bruk av høyrselsvern. Det siste du gjer før du går mot helikopteret er å sette i øyreproppar.
Om bord i helikopteret tar du på høyrselsvernet som heng på stolen framfor deg. Gjennom dette kan du høyre informasjon frå piloten og elles lytte til musikk. Nødpeilesendaren som heng ved sida av høyrselsvernet set du i drakta. Nødpeilesendaren vil byrje å virke når den kjem i kontakt med vatn. I ein nødssituasjon vil den oppgje posisjonen din og gjere deg lettare å finne.

Etter om lag éin time er du framme på Gullfaksfeltet. Høyrselsvernet og nødpeilesendaren må du henge på plass. Til turen frå helikopteret til plattformresepsjonen, får du utdelt eit anna høyrselsvern.
Viss du har vore på plattforma før kan du plukke med deg bagasjen og skoa dine, finne vegen til lugaren og ta fatt på arbeidet. Viss dette er den fyrste turen din på plattforma vil plattformsjefen stå klar til å ønske deg «velkommen om bord».
