Mongstad-Gullfaks tur/retur
Logistikk utgjer mellom 10 og 15 prosent av feltkostnadane til eit petroleumsfelt. Baseverksemda utgjer 15 prosent av logistikk-kostnadane, medan dei resterande 85 prosentane er knytt til helikopartrafikk og skipstrafikk.[REMOVE]Fotnote: Denne teksten er i stor grad basert på informasjon som Shadé B. Martins og Julia Stangeland fekk då dei besøkte forsyningsbasen på Mongstad, 17. september 2024. Dei snakka då med forsyningsleiar, Janne Thomassen, operasjonskoordinator og sikringsleiar, Arve Jostein Soltveit, operatør hjå CCB, Roger Fredriksen og logistikk-koordinator, retur Mongstad, Frode Hodneland.
Ein forsyningsbase er eit lager for gjenstandar som installasjonane ute i havet ikkje har plass til sjølv, ein mellomstasjon og ein sikkerheitsbarriere. Alt som blir sendt ut skal vere sikkert, både det som blir sendt og konteinarane det blir frakta i.
Forsyningsbasen på Mongstad
- Frå 2015 har Equinor sendt mesteparten av forsyningane sine frå denne basen.
- Forsyningsbasen på Mongstad er eigd av Mongstad Eigedom. Equinor leiger lager- og kaiplass frå dette selskapet.
- Equinor har avtale om basetenester med Norsea Group. Norsea Group har valt CCB som utøvar av denne tenesta på både Mongstad og Ågotnes.
- Basane går derfor under namna CCB Mongstad og CCB Ågotnes.
- CCB har om lag 500 tilsette på Mongstad-basen, medan Equinor har 10.
- Varehuset er ope frå kl. 7 til 23 (20). Lasting/lossing blir òg gjort på sundagane, men då er varehuset stengt.

Eldre installasjonar, slik som Gullfaks-plattformene, har større lagerbehaldning fordi dei ofte har eldre maskinar og utstyr. Reservedelar til desse er ikkje hyllevare og kan følgjeleg ha lang leveringstid. Reservedelane må derfor lagrast på basen.
Varer som derimot er hyllevarer, slik som arbeidshanskar og dopapir, blir ikkje lagra på basen. Det kjem inn med éin av dei 50 lastebilane som kvar dag kjem med varer til basen.
På lageret
På Mongstad-basen har dei Equinor-opererte feltlisensane sine varelager ein samla verdi på rundt 3 milliardar kroner. Av dei 43 000 lokasjonane (pallar eller plassering) som finst, er 6000 knytt til Gullfaks, noko som svarer til 18 000 av dei 75 000 unike delane som finst på lager.
Gjenstandane er stort sett lagra i den gamle subsea-hallen og i eit 6000 kvadratmeter stort varelager som blei bygd då Statoil samlokaliserte store delar av baseverksemda si til Mongstad.
I den gamle undervasshallen er ikkje det gamle bassenget fylt igjen, men det er lagt eit betongdekk over, slik at gjenstandar som ikkje får plass på pall, kan stå her.

Dei mange pallane er lagra i 12 meter høge reolar. Her er det mellom 4500 og 5000 palleplassar. Då reolsystemet stod ferdig var det landets høgaste plukklager. I dag er det nok andre som er høgare, meiner operatør i CCB Mongstad, Roger Fredriksen, og operasjonskoordinator og sikringsleiar i Equinor, Arve Jostein Soltveit. Kanskje hjå Asko eller Toro? funderer dei.
På pallane står både gjenstandar som regelmessig blir sendt ut til felta, og gjenstandar som støvar ned, men som ein dag kan trengast på kort varsel.

Felles for alle gjenstandane er at det er delar og dingsar som det ikkje er permanent plass til ute på installasjonane.
– Særleg i samband med revisjonsstans[REMOVE]Fotnote: Revisjonsstans vil sei at produksjonen blir stengt ned slik at det skal kunne gjennomførast omfattande vedlikehald og reperasjonar som ikkje kan gjennomførast når plattforma er produserer olje og/eller gass. Dette er typisk varmt arbeid som kan vere farleg å gjennomføre samtidig som plattforma tek imot brennbar olje og gass. Revisjonsstans skjer gjerne i løpet av våren/sommaren når vêret er godt. er det travelt med mykje som skal ut og tilbake igjen, fortel Fredriksen.
Varer som plattformene har behov for, blir gjerne bestilt av FA-leiaren (forsyning og administrasjon), boreforsyning eller driftsforsyning. Nokre bestillingar blir òg sendt automatisk gjennom SAP-systemet[REMOVE]Fotnote: SAP er eit system som mellom andre Equinor bruker. Systemet er mellom anna brukt til logistikk.. Det kan til dømes vere lagt inn i systemet at når det berre er 5 eller 10 eksemplar igjen av eit produkt, arbeidshanskar til dømes, skal det sendast inn ei bestilling.
Det meste som skal ut til petroleumsinstallasjonane blir pakka i konteinarar. Nokre selskap, som Kraemer Maritime som forsyner plattformene med mat, pakkar sine eigne konteinarar. Resten blir pakka av operatørar frå CCB.
Espen Hodnekvam har vore med å utvikle eit datasystem som erstatta utskrifter frå Excel. Utskriftene blei fort utdaterte fordi det blei gjort endringar. Det nye systemet er følgjeleg meir dynamisk.[REMOVE]Fotnote: Nordhordland, «Espen køyrde truck og koda på fritida. Resultatet er ein ny arbeidskvardag», 27. april 2024, s. 12.
Dei ulike plattformene har eigne område der det som er klargjort til neste båt blir samla.
Rutebuss, taxi og taksameter som går
Varene blir stort sett sendt via dei faste skipa som går til dei tre Gullfaks-plattformene. Soltveit skildrar dei faste båtane som rutebussen – det billigaste alternativet.
Soltveit samanliknar det å ta inn eit ekstra skip med å ta taxi. Lisensen må då gjerne ut i spotmarknaden for å få tak i eit skip, og avhengig av tilbod og etterspurnad, kan det bli dyrt, men akkurat som det av og til er verd å ta taxi, kan det, når tid er pengar, av og til vere verd å bestille det ekstra skipet, for å få essensielle forsyningar til plattforma.
Revisjonsstans, lange stormperiodar og ekstraordinære hendingar kan skape eit behov for ekstra skip, men som oftast er det mogleg å unngå det gjennom planlegging og ved å prioritere det som må komme ut og det som kan vente.
Soltveit fortel at skipa dessutan har litt høgare kapasitet enn det som til vanleg er naudsynt. Dette har dei både med tanke på uføreseielege hendingar og at det, når skipa kjem til plattforma, av og til er behov for å kunne laste noko på skipet før ein byrjar å losse det.
Mongstad-Gullfaks tur/retur
- Ei reise frå Mongstad til Gullfaksfeltet og tilbake tar mellom 28 og 30 timar – avhengig vêrforholda.
- Seglingstida frå Mongstad til Gullfaksfeltet er på 8 til 9 timar.
- Å losse/laste båtane på feltet tar ca. 3,5 timar per plattform.
- Gullfaksfeltet har båt i fast rute kvar tysdag, torsdag og laurdag.
I enkelte tilfelle har installasjonar til havs behov for ekstra lagring. Dette kan mellom anna skje når ein rigg, med avgrensa lagringsplass og dekksplass har revisjonsstans. Riggen kan då bestille eit skip som ligg ved sida av seg til arbeidet er ferdig. Dette kan samanliknast med å bestille ein taxi som ventar – taksameteret går.
BILDEKARUSELL OM ISKREMFORSYNING
Skipet fraktar ikkje berre varer ut, det tek òg med seg varer og avfall i retur.
Stille før stormen har lagt seg
Logistikk-koordinator for retur ved Mongstad, Frode Hodneland, karakteriserer vanleg avfall og ting som skal tilbake på hylla, som enkel retur, medan spesialavfall, særleg radioaktivt avfall og gjenstandar som skal ut av basen for reparasjon kan vere meir krevjande. Av og til kan det òg vere utfordrande med utstyr som lisensen/plattforma har leigd og som så skal sendast tilbake igjen.
Det er meir arbeid å rydde opp i feil enn å gjere det rett i utgangspunktet. Følgjeleg kan det til dømes lønne seg å sjekke og dobbeltsjekke at adresser er rett. Av og til hendar det òg at dokumenta ikkje er fylt ut korrekt. Hodneland forstår godt at det kan ta tid før rutineendringar set seg offshore: – Viss du til dømes har fått innføring i noko nytt rett før du skal heim på fri i fire veker, må du nesten lære det på nytt når du kjem tilbake på nytt skift.
Hodneland fortel vidare at dokumenta for gjenstandar som er sendt ut av basen, ikkje kan sluttførast, før gjenstanden er tilbake på hylla. I dei stille periodane når stormane herjar og det er vanskeleg å sende varer ut, bruker Hodneland og kollegane hans på basen gjerne tid på å sluttføre papirarbeidet, rydde og gjere anna førefallande arbeid.
Når stormen har lagt seg er det slutt på stilla. Då er det fullt fokus på det som skal gå tur/retur frå Mongstad til Gullfaks – og frå dei andre petroleumsfelta.
