Produksjonsstart på Gullfaks CGullfaks «tar sjansen»

Kongelege på plattformbesøk

person Julia Stangeland
Kvit skjorte, slips og ein mørkeblå strikkejakke med krage var antrekket som leiinga på Gullfaks C skulle bruke når dei kongelege skulle komme. Hadde dei elles førebudd seg?
— Om det var det luxembourgske storhertugparet eller det norske kronprinsparet som hadde mest lyst til å besøke Gullfaks C, veit vi ikkje, men i mai 1990 var dei i alle fall på besøk på plattforma. Foto: Øyvind Hagen/Equinor
© Norsk Oljemuseum

Måndag 7. mai 1990 tok det dåverande kronprinsparet, kronprins Harald og kronprinsesse Sonja, med seg det dåverande storhertugparet av Luxembourg, storhertug Jean og storhertuginne Josephine-Charlotte, til eit besøk på Gullfaks C-plattforma.

Besøket om bord på Gullfaks C var ikkje ein del av det offisielle statsbesøket, men avslutta ei privat rundreise som storhertugparet hadde hatt med kronprinsparet på Vestlandet dei siste fire dagane.[REMOVE]Fotnote: «Hjertelig varmt statsbesøk», VG, 4. mai 1990, s. 24 og 25 og «Farvel til Luxembourg-hertugparet», Stavanger Aftenblad, 5. mai 1990, s. 8.

Før det hadde dei vore på eit offisielt statsbesøk i Oslo, kor dei òg hadde møtt kong Olav, besøkt Norsk Institutt for Luftforskning (NILU) på Lillestrøm og besøkt barn på sjukehus, for å nemne noko.[REMOVE]Fotnote:«Storhertugen kommer…», Akershus Arbeiderblad, 3. mai 1990, siste side og «Varm velkomst for hertugparet», Arbeiderbladet, 3. mai 1990, s. 13.

Om det var kronprinsparet som hadde lyst til å vise fram det konkrete beviset på oljenasjonen Noreg eller om det var storhertugparet som ønskte å sjå denne relativt nye, norske industrien, seier ikkje kjeldene noko om. Å kunne ta med utanlandske gjester til ein oljeinstallasjon er nok ein draum for mange nordmenn, men noko som det er enklare å få innfridd viss du er kongeleg – og dessutan tar imot kongelege gjester.

Dei tilsette på Gullfaks C var i alle fall klar. Leiinga hadde, som nemnt, iført seg skjorte slips og mørkeblå strikkejakke – med krage, alt saman sendt ut frå land.[REMOVE]Fotnote: Thormod Hope sine merknadar til eit bilete han leverte inn til museet si samling i 2024. Bilete er nummerert som:  NOMF-04002.354.

Denne bildekrusellen krever javaskript.

Thormod Hope som den gong var teknisk sjef på Gullfaks, fortel at kronprinsesse Sonja spurte plattformsjef Gunnar Heiberg-Andersen – ein legende, ifølgje Hope, om dei hadde hatt mykje arbeid med vasking og rydding før gjestene skulle komme.

Ifølgje Hope svarte Heiberg-Andersen på pent bergensk: «Jeg får si som min gamle tante, – vi rydder når gjestene har dratt.»

Produksjonsstart på Gullfaks CGullfaks «tar sjansen»
Publisert 17. november 2025   •   Oppdatert 15. desember 2025
© Norsk Oljemuseum
close Lukk