Kjelder til vidare forsking

person Julia Stangeland
Er du på jakt etter eit tema for ei bachelor- eller masteroppgåve? Kanskje Gullfaks-historia kan vere ein fin inngang. Noko av hensikta med å dokumentere Gullfaksfeltet si historie, har nemleg vore å vise kva slags kjelder som finst tilgjengeleg.
— NC har tatt i underkant av 500 bilete som viser bygginga av Gullfaks B og Gullfaks C, kvifor? Foto: Ukjent/Norsk Oljemuseum
© Norsk Oljemuseum

Kvifor finst det så mange foto av armeringsjern? Korleis blir Gullfaks framstilt i Statoil sine mange tidsskrift? Kan nøkkelringar, krus og treningstøy ha vore med på å bygge ei fellesskapskjensle – til operatørselskapet, til feltet og til plattforma?

Dette er tre av mange spørsmål det er mogleg å stille til Gullfaks-kjeldene som finst tilgjengeleg på oljemuseet og i andre institusjonar. Industriminne Gullfaks er eit dokumentasjonsprosjekt der vi skal samle inn og gjere tilgjengeleg ulikt kjeldemateriale knytt til Gullfaksfeltet.

I denne artikkelen har eg søkt å oppsummere nokre av dei kjeldene vi har brukt, og peike ut nokre av dei kjeldene kor vi meiner at det er meir å hente, kor det finst kjelder til meir forsking og kjelder til inspirasjon.

Jern og stål

Tidleg i prosjektet fekk vi inn ei stor fotosamling frå firmaet Norwegian Contractors (NC) – selskapet som bygde understellet til Gullfaks-plattformene, så vel som til mange andre norske og utanlandske betongplattformer (såkalla condeep-ar).

Samlinga fasinerer fordi den nesten utelukkande inneheld foto av armeringsjern – i ulike fasongar. Vi har nå ei samling på til saman nesten 500 armeringsjernbilete frå bygginga av Gullfaks B og Gullfaks C.

Litt lenger ut i prosjektet besøkte vi Nasjonalarkivet (den gongen kalla Arkivverket). Der fann vi gamle Statoil-bilete som viser bygginga av plattformdekket. På desse bileta ser vi eit studium av stål i ulik grad av ferdigstilling og eit puslespel av ulike plattformmodular som til slutt skal bli sett saman til éi plattform. Bileta blir oppbevart på Nasjonalarkivet, kor dei kan brukast etter avtale med eigaren som er Equinor.

Kvifor finst alle desse bileta? Kvifor har dei blitt tatt?

Denne bildekrusellen krever javaskript.

Mange av bileta har nok vore vedlegg til progresjonsrapportar som har blitt sendt frå dei ulike kontraktørane, til Statoil. Kanskje har dei ulike selskapa òg – uavhengig av rapporten – ønskt å ha eit minne om byggeperioden? Kanskje har ivrige fotografar forstått at bygginga av plattformene ville få ein verdi for ettertida.

Dei mange fotografia frå byggeperioden gjer at vi kan få eit innblikk i arbeidet som blei lagt ned under byggeprosessen og dei mange firmaa som var involvert. Bygginga har blitt godt dokumentert av oljemuseet, sjølv om det garantert finst fleire spørsmål som må svarast ut.

Sannsynlegvis blir det teke like mange foto i dag, men dei digitale fotografia er mindre handfaste og finn derfor sjeldnare vegen til eit museum.

Foto er ikkje dei einaste handfaste objekta som finst frå byggeperioden til dei tre Gullfaks-plattformene.

Modellar

Etter at eit felt er bestemt utbygd skjer utbygginga i fleire fasar. Lisenseigarane må bestemme kor mange plattformer og andre installasjonar som trengs, plattformene skal så prosjekterast, dei skal teiknast og byggast.

Mellom teikning og bygging finst det ein forholdsvis ukjent fase: modellfasen.

Fram til nytt og betre datautstyr gjorde det mogleg å få 3D-perspektiv på teikningane, blei modellar brukt for å kvalitetssjekke teikningane.

Gjennom vårt arbeid med Industriminne Gullfaks, har vi snakka med tre personar som på ulike måtar var involvert i modellbygging. Her er det utan tvil meir å hente, om utbygginga av ein norsk modellbransje, om folka som jobba der, om kommunikasjonen mellom modellbyggarane og utbyggarane og om den teknologiske utviklinga, for å nemne noko.

Frå teikningar og modellar skal vi over til det skrivne ordet.

Arkivmateriale

Gullfaks har vore tema i stortingsproposisjonar, under stortingsforhandlingar, gjenstand for fleire planar for utbygging og drift (PUD) og skildra på ulike vis i Statoil, seinare Equinor, sine eigne årsrapportar. Informasjon og sitat derifrå, samt frå fleire bøker, er brukt i mange av artiklane våre. Dette gjeld særleg artiklar innanfor temaet «Økonomi og samfunn».

Du kan bli betre kjent med til dømes korleis skatteregimet har påverka igangsetting av oljefelta, korleis det gjekk føre seg då Stortinget godkjente utbygginga av Gullfaksfeltet og historiske mekanismar som gjorde det mogleg å bygge ut feltet med 80 prosent norske selskap.

Når du les artiklane og finn informasjon du syns er særleg interessant, kan du derfor lære meir ved å kikke i sluttnota og gå til kjelda.

Vi har òg i stor grad brukt aviser og ikkje minst Statoil sine eigne tidsskrift i jakta på informasjon. Fordelen med aviser og tidsskrift er at dei er skrivne i samtida. Informasjonen som står der har følgjeleg ikkje blitt silt gjennom 40 år med minner.

Både studentar og forskarar kan få innsyn i aviser og tidsskrift gjennom Nasjonalbiblioteket. Som eit ledd i arbeidet med Industriminne Gullfaks har vi òg – i samarbeid med Nasjonalbiblioteket – fått digitisert fleire av Statoil sine ulike publikasjonar. Dei finst ope tilgjengeleg for alle.

Dei mange tidsskrifta kan brukast av studentar og forskarar som til dømes ønsker å få eit innblikk i korleis det var då Statoil skulle opne kontor i Bergen, og starte med operativ oljeproduksjon for fyrste gong. Ein kan lære meir om korleis kommunikasjonen var før både internett og intranett, og om korleis Statoil som organisasjon har kommunisert internt, så vel som eksternt.

Flytteinformasjon som i dag ville vore å finne digitalt, blei i 1982 formidla til Statoil-tilsette gjennom Bergen Nytt. Faksimile: Bergen nytt. 1982 Vol. 1 Nr. 1 s. 3

Eg lurer òg på kvifor biletteksten ikkje viser i førehandsvising.

Dei mest Gullfaks-relevante Statoil-publikasjonane

 

Å samle ei komplett oversikt over Statoil sine mange publikasjonar og formålet med desse kunne i seg sjølv vore ei kjelde til eit større studium innanfor til dømes mediefag eller historie.

Gjennom dei mange tidsskrifta har Statoil kanskje søkt å bygge si eiga merkevare og å styrke fellesskapskjensla blant stadig fleire tilsette.

Felles gjenstandar – felles historie

Gjenstandar har òg blitt brukt for å styrke fellesskapet – til selskapet, til feltet eller til plattforma.

Nøkkelringar, krus, t-skjorter og treningstøy er berre noko av det som har blitt delt ut med Statoil/Equinor-logo, ei Gullfaks-plattform på eller kvifor ikkje ha t-skjorter illustrert med Hywind Tampen?

På museet har vi ei lita samling av slike gjenstandar som i mindre versjonar kunne fått plass i ei minnebok.

Fleire gjenstandar

Gjenstandar er undervurderte kjelder og ein fordel som musea har framfor universiteta.

I tillegg til dei gjenstandane som er nemnt her og ovanfor, har museet òg brukt dei tre siste åra til å leite fram og katalogisere dei Gullfaks-relevante gjenstandane vi har frå før, samt samle inn nye gjenstandar. Fleire av dei nyerverva gjenstandane er knytt til oljemuseet sitt besøk på Gullfaks A.

Bli betre kjent med gjenstandane via DigitaltMuseum.no. Ta kontakt med museet viss du vil vite meir.

Vi har òg døme på kjeledressar brukt på Gullfaksfeltet. Dressane er brukt av operatøren – altså Statoil/Equinor, som av underleverandørar. Vi har òg kjeledressar med logo frå underleverandørar.

Sidan klede som kjent skaper folk, er dei òg til ein viss grad eigna til å styrke eller svekke fellesskapet. Vis meg kva du har på deg og eg skal seie deg kva for eit selskap du arbeider for. Når fleire går likt kledd, kan dette styrke inntrykket av fellesskap på ei plattform.

Gullfaksfeltet si historie er over 40 år gamal. Samlinga vår er langt frå komplett, men den gir likevel eit inntrykk av korleis stilen har endra seg. Den seier òg noko om korleis kravet til personleg verneutstyr har endra seg.

Gjenstandar er på mange vis tause vitne. Under innsamlinga av dei har vi vore avhengige av at folk fortel. Folk sine minne har òg vore til stor hjelp i arbeidet med tekst.

Meir fortalt

Under kategorien «Arbeidsliv» og underkategorien «Plattformlivet» finst det fleire artiklar skrive med utgangspunkt i museet sitt besøk på Gullfaks A-plattforma, sommaren 2024.

I løpet av denne perioden gjorde vi ingen intervju etter museumsfagleg standard, men vi snakka med mange menneske. Oljearbeidarane sine stemmer er synlege i desse artiklane, som i sin tur kanskje kan opne opp for studium knytt til, til dømes arbeidsliv offshore.

Vi har òg hatt samtalar med folk i samband med registrering av gjenstandar, som nemnt ovanfor, og i nokre andre samanhengar.

I enkelte tilfelle har vi òg gjennomført lengre intervju, til dømes for å bli kjent med ein liten dings som har gitt stor gevinst, fakkeltennesystemet, endringar innanfor forpleiing og dei før nemnte modellbyggarane.

Menneska vi har snakka med har vore kjelder til informasjon, og av det dei har fortalt, er det kanskje 10-20 prosent som har blitt presentert i artikkelform.

Heile intervjuet ligg – etter avtale med intervjuobjektet – lagra på museet. Slike intervju er ikkje offentleg tilgjengeleg, men kan gjerast tilgjengeleg for forskarar og studentar, etter avtale med museet og intervjuobjektet.

Meir enn 1000 ord

Eit fotografi kan sette i gang tankar og bane vegen for idear, og saman med andre kjelder vere brikker i ny historieforteljing – eller til forsking innanfor andre fag.

Denne bildekrusellen krever javaskript.

Meir enn berre Gullfaks

Gjennom dei godt over 150 artiklane som Norsk Oljemuseum har skrive om Gullfaksfeltet har vi eit dobbelt mål: Du som lesar skal få eit innblikk i Gullfaksfeltet si historie og du skal få ein oversikt over det kjeldemateriale som ligg til grunn for arbeidet vårt. Du får på den måten vite kvar du skal gå for å få vite meir.

Ved å tilgjengeleggjere ulikt kjeldemateriale, håper vi å kunne inspirere til vidare forsking innanfor ulike fagfelt.

 

 

 

 

 

Publisert 26. november 2025   •   Oppdatert 16. desember 2025
© Norsk Oljemuseum
close Lukk