Produksjonsstart for VisundGullgass fra Tampen

Gullfaks frå Saga til Statoil

person Julia Stangeland
Fram til 27. mai 1999 eigde Saga Petroleum 6 prosent av Gullfaks-lisensen. Den dagen blei selskapet oppløyst. Om lag 25 prosent av selskapet – inkludert Gullfaks-delen – blei kjøpt opp av Statoil.
— Då Saga Petroleum blei oppløyst i 1999, fekk Statoil ein større eigarpost i Gullfaks-lisensen. Foto: Ukjent/Norsk Oljemuseum
© Norsk Oljemuseum

Då Saga blei oppløyst og selskapet overtatt av Statoil og Norsk Hydro, var det andre gong det blei gjort endringar i Gullfaks-lisensen. Den fyrste var under den såkalla vingeklippinga då Statoil sitt eigarskap blei redusert frå 85 til 12 prosent, til fordel for SDØE – Statens direkte økonomiske engasjement.

For det tilsette på dei tre Gullfaks-plattformene var endringane neppe merkbar – all den tid Statoil, i dag Equinor, alltid har vore operatør.

I styrerommet var situasjonen annleis. Kravet om at endringar alltid kravde støtte frå to selskap, innebar at Statoil måtte søke semje med Hydro. Dette trass i at Hydro berre eigde 9 prosent av lisensen, medan Statoil eigde 18 prosent. SDØE eigde dei resterande 73 prosentane.

Produksjonsstart for VisundGullgass fra Tampen
Publisert 4. desember 2025   •   Oppdatert 4. desember 2025
© Norsk Oljemuseum
close Lukk