Gullgass fra TampenODs pris for økt utvinning

Gullfaks frå SDØE til Statoil og Petoro

person Julia Stangeland
26. april 2001 godkjente Stortinget delprivatiseringa av Statoil. Det førte til endringar i Gullfaks-lisensen.
— Som ein konsekvens av delprivatiseringa av Statoil, blei SDØE oppløyst og erstatta med Petoro. Foto: Shadé B. Martins/Norsk Oljemuseum
© Norsk Oljemuseum

Endringane i april 2001 medførte på sett og vis at norsk oljeindustri blei mindre statleg. Det same gjaldt for Gullfaks-lisensen.

Delprivatiseringa av Statoil gjorde at ⅓ av det, fram til då, heilstatlege selskapet blei lagt ut på den økonomiske marknaden. SDØE – Statens direkte økonomiske engasjement blei erstatta av Petoro. Ein del av SDØE sine tidlegare eigardelar blei selt.

For Gullfaks-lisensen sin del innebar det at medan SDØE sin Gullfaks-part hadde vore på 73 prosent, blei Petoro sin part berre 30 prosent. Statoil sin part auka tilsvarande, frå 18 til 61 prosent.

«Gullfaks kom ‘hjem’» til Statoil, i den forstand at selskapet nå, slik som det hadde hatt i byrjinga, fekk den største eigarposten. Statoil fekk samtidig ikkje noko blankofullmakt. Selskapet måtte, som før, ha støtte frå minst éin av dei andre partane. Dei måtte altså framleis ha Petoro eller Norsk Hydro med på laget. Sistnemnte sin eigarpost stod fast på 9 prosent.

«Statleg» og «norsk» var framleis to karaktertrekk som dominerte Gullfaks-lisensen, men etter delprivatiseringa og børsnoteringa kunne ein legge til både «privat» og «utanlandsk» som meir eller mindre sentrale karaktertrekk.

Gullgass fra TampenODs pris for økt utvinning
Publisert 4. desember 2025   •   Oppdatert 4. desember 2025
© Norsk Oljemuseum
close Lukk