Gullfaks C godkjent av StortingetOpplæringssenteret på Sandsli

Frå Gandsfjorden til Digernessundet

person Julia Stangeland
16. august 1985 var understellet til Gullfaks A i rørsle. Noko som minna om fire grå søyler blei i sakte fart trekt av ni slepebåtar mot neste mål.
— 630 000 tonn var i rørsle då understellet til Gullfaks A skulle reise frå Gandsfjorden, i Rogaland, til Digernessundet, i Sunnhordland. Foto: Øyvind Hagen/Equinor
© Norsk Oljemuseum

Då understellet til Gullfaks A – sjølve betongkonstruksjonen – var ferdig, var det gått ganske nøyaktig eitt og eit halvt år sidan grunnsteinen blei lagt ned.

I løpet av den tida hadde NC bygd både lagerceller og fire skaft, som selskapet – med hjelp frå Moss Rosenberg Verft – hadde fylt med innhald.

Den T-forma skaftekonstruksjonen var i august 1985 klar å koplast saman med ståldekket. Før denne samankoplinga kunne skje, låg understellet ca. eit halvt år og venta i Digernessundet.

Gullfaks C godkjent av StortingetOpplæringssenteret på Sandsli
Publisert 10. desember 2025   •   Oppdatert 12. desember 2025
© Norsk Oljemuseum
close Lukk