Namnet blei GullfaksA-dekket til Aker-konsernet

Grunnsteinnedlegging for Gullfaks A

person Julia Stangeland
2. februar 1983 starta bygginga av den fyrste av dei tre plattformene som etter kvart skulle prege Gullfaksfeltet.
— 28 000 tonn armeringsjern og uante mengder betong gjekk med for å bygge Gullfaks A. Det starta med denne steinen. Foto: Leif Berge/Equinor
© Norsk Oljemuseum

Statoil-direktør Arve Johnsen fekk tidleg i februar 1983 æra av å legge ned grunnsteinen for Gullfaks A. Grunnsteinsnedlegginga var ein symbolsk start for bygginga av den fyrste plattforma på Gullfaksfeltet.

Den fyrste etappen i den maratonen som ei plattformbygging må seiast å vere, var bygginga av lagercellene til plattforma. Neste etappe var bygginga av skafta som ståldekket skulle kvile på. Parallelt med bygginga av understellet, blei nemnte ståldekk og alle modulane bygd, før dei to delane møtte kvarandre og var klare til å reise ut på feltet.

Gullfaks A sin grunnstein var fyrste brikka i ein byggeperiode som skulle strekke seg over i underkant av sju år, og avsluttast med produksjonsstart på Gullfaks C i desember 1989.

Namnet blei GullfaksA-dekket til Aker-konsernet
Publisert 10. desember 2025   •   Oppdatert 10. desember 2025
© Norsk Oljemuseum
close Lukk