Frå SPM til OLS

person Julia Stangeland og Ole Kvadsheim
SPM er forkortinga for det lastesystemet som blei brukt på Gullfaksfeltet fram til 2014, medan OLS er forkortinga på det lastesystemet som blei brukt etter 2014. I denne artikkelen blir vi betre kjent med begge desse systema.
— Lastebøyene var konstruert med eit helidekk og med eit rom for matlaging og overnatting under helidekket. Foto: Equinor
© Norsk Oljemuseum

Så lenge Gullfaksfeltet har produsert olje har olja blitt frakta med skip – såkalla bøyelastarar – frå feltet og inn til land. I dag blir olja lossa frå feltet ved hjelp av eit undersjøisk lastesystem, men lenge blei olja lossa ved hjelp av to godt synlege lastebøyer.

SPM1 og SPM2

SPM står for «single point mooring», altså eit «enkelt forankringspunkt». Lastebøyene stod festa på havbotnen, med ein del som stakk opp over vassoverflata. Meir som lastetårn enn lastebøyer, skriv John Ove Lindøe om lastebøyene i boka Inn fra havet. Bøyelasternes historie.[REMOVE]Fotnote: Lindøe, John Ove. Inn fra havet. Bøyelasternes historie. Wigestrand Forlag og Stavanger Sjøfartsmuseum. Stavanger 2009, s. 88.

SPM1 blei installert i 1986, 2,4 km nordvest for Gullfaks A. SPM2 blei installert i 1987, 2,4 km søraust for Gullfaks B. SPM1 var via røyr kopla til lagercellene på Gullfaks A, medan SPM2 både var kopla til Gullfaks A og Gullfaks C. Gullfaks B sendte og sender olja si til éi av dei to andre plattformene.[REMOVE]Fotnote: Equinor. (2014, 4. juni). Gullfaks sikter mot 2040 med nye lastesystemer. Equinor. https://www.equinor.com/no/news/archive/2014/06/04/04JunGullfaks 

Dei to lastebøyene, SPM1 (til venstre) og SPM2 stod ferdig i høvesvis 1986 og 1987. Som bilete viser er SPM1 berre kopla til Gullfaks A, medan SPM2 er kopla til både Gullfaks A og Gullfaks C. Olje frå Gullfaks B blir pumpa til éi av dei to andre plattformene, for så å bli sendt til SPM1 eller SPM2. Illustrasjon: Equinor

Lastebøyene var godt synlege over havoverflata. Dei hadde begge eit helidekk og under helidekket fanst det ein ombygd konteinar som fungerte som opphaldsrom. Dette fortel Jan Moe.[REMOVE]Fotnote:All informasjon frå Jan Moe er knytt til ein telefonsamtale mellom han og Julia Stangeland, 7. februar 2025.

Frå 1987/88 og i om lag 20 år, arbeidde Moe som mekanikar på Gullfaks A, seinare arbeidde han på Gullfaks C. Moe fortel at det var mekanikarar på Gullfaks A som hadde ansvaret for vedlikehald på dei to lastebøyene, og då han arbeidde på Gullfaks A, var han éin av desse mekanikarane. Han anslår at det var 2-3 mann innanfor mekanisk, per skift som hadde dette som oppgåve. Andre var spesialisert innanfor til dømes kran eller vedlikehald.

Typisk arbeid på lastebøyene  var utskifting av utstyr som etter forskriftene skulle bytast etter så, så lenge. Det kunne vidare vere snakk om kontrollar som skulle takast etter eitt eller fire år. Besøk på lastebøyene kunne òg vere nødvendig på grunn av feilmeldingar som måtte undersøkast og fiksast.

Ein slik type kopling blei brukt for å kople skipet til lastebøya. Koplinga stod tidlegare utstilt på Norsk Oljemuseum. I dag står den lagra på museet sitt magasin. Foto: Jan A. Tjemsland/Norsk Oljemuseum

Reisa frå plattforma og over til lastebøya blei gjennomført med helikopter. Det blei brukt helikopter stasjonert på Statfjord. Helikopteret blei bestilt i forkant. Ved dårleg vêr eller viss helikopteret fekk ein beredskapstur eller liknande, kunne Moe og kollegane bli nøydde for å overnatte på bøya.

Dei overnatta då i konteinaren under helidekket. Her var det òg mogleg å lage mat. Viss dei skulle gjere arbeid over lengre tid hendte det at dei planla for overnatting. Det kunne til dømes vere snakk om maling eller anna vedlikehald som tok lengre tid. I slike tilfelle var det alltid med nokon frå drift. Han/Ho fungerte då som plattformsjef om bord på bøya. Hen hadde enkelte ting som skulle rapporterast og noterast, men utover det fungerte vedkomande som kokk for arbeidslaget.

Lastebøyene

SPM1 og SPM2 blei installert i høvesvis 1986 og 1987.

Olja blei sendt frå lagercellene i Gullfaks A eller Gullfaks C til dei to lastebøyene.

Lastebøyene fungerte òg som ankringspunkt for skipa som henta olja – såkalla bøyelastarar.,

Lastebøyene blei produserte av det norsk-franske selskapet Articulated Columns Norway (ACN).

Lastebøyene var forenkla i sin kompleksitet. Målet med forenklinga var å redusere lastebøya si vekt, noko som igjen reduserte behovet for forankrande vekt. Forenklinga reduserte òg behovet for vedlikehald. Begge delar reduserte prisen.[REMOVE]Fotnote:  Lange, Odd Jan. «Ny lastebøye i grundig test. Forenkling av en hovedidé bak Gullfaks-bøyen» i Statoil. 1983, vol. 5, nr. 4, s. 32–34.

 

Moe fortel at det ikkje var behov for mannskap om bord på bøyene når olja skulle lastast over på skipa. Ved behov for assistanse kunne mannskapet på bøyelastaren få hjelp frå eit beredskapsskip i området, skip som gjekk mellom plattformene ute på feltet.

Desse skipa frakta òg varer frå plattformene til lastebøyene når det skulle gjerast arbeid der. Varene kunne vere både utstyr dei trengte for å gjennomføre arbeid på lastebøyene og mat. Varene hadde i sin tur kome ut på feltet med forsyningsskip. Utstyret låg då i konteinarar og måtte lastast om før det kunne fraktast ut til bøya.

Lastebøye-dikt

På kontrollrommet på Gullfaks A heng det eit innramma dikt som viser at det var knytt eit visst vemod til fjerninga av dei gamle lastebøyene.

SPM 1 & 2

Vi er på gråten

Nå ser vi bare båten

Du kommer aldri igjen

Vår kjære SPM

Vi må være uten

Når vi ser ut ruten

Sikkert og visst

Det er bare trist

Jeg slutte vil min sang

Verden går sin gang…

 

Her blir den fyrste av dei to lastebøyene taua inn til land etter nærmare 30 år i teneste. Både SPM1 og SPM2 blei hogd opp hjå Scanmet AS på Stord. 98 prosent av materialet blei gjenbrukt. Foto: Rune Morgan Kyrkjeeide/Equinor

Som nemnt er det strenge reglar for kor lenge utstyr kan brukast før det må skiftast. I 2014 var det SPM1 og SPM2 sin tur til å gå av for aldersgrensa.

OLS1 og OLS2 – mot 2040

Då Gullfaks-lisensen (Statoil, Norsk Hydro og Saga Petroleum) på 1980-talet skulle velje eit system for lossing av olje, valte dei det same systemet som då blei brukt på Statfjordfeltet.

Oljedirektoratet hadde som ein konsekvens av utfordringar med ei av lastebøyene på Statfjordfeltet, nedjustert forventa levetid for lastebøyene frå 30 til mellom 5 og 15 år. Trass i dette meinte partnarane i Gullfaks-lisensen at lastebøyene på Gullfaksfeltet ville vere meir robuste.[REMOVE]Fotnote: Equinor. (2014, 4. juni). «Gullfaks sikter mot 2040 med nye lastesystemer». https://www.equinor.com/no/news/archive/2014/06/04/04JunGullfaks 

Det fekk dei rett i, men i 2014 var det altså slutt.

Illustrasjonen viser UKOLS (Ugland-Kongsberg Offshore Loading System) – lastesystemet som i 2014 erstatta lastebøyene. Bilete er frå Statfjordfeltet. Illustrasjon: Equinor

Då Gullfaks-partnarane (denne gongen Equinor, Petoro og OMV) skulle velje nytt system, valte dei – nok ein gong – det same systemet som på Statfjordfeltet. Ved å bruke same system som nabofeltet kan det, som Equinor skriv på sine nettsider «legges  til rette for samordning og synergier med Statfjord-feltet knyttet til drift, vedlikehold og reservedeler».[REMOVE]Fotnote: Equinor. (2014, 4. juni). «Gullfaks sikter mot 2040 med nye lastesystemer». https://www.equinor.com/no/news/archive/2014/06/04/04JunGullfaks 

Systemet som skulle erstatte lastebøyene, heiter Ugland-Kongsberg Offshore Loading (UKOLS), utvikla av selskapa Ugland Engineering og Kongsberg Våpenfabrikk. Systemet  fekk i 1986 innovasjonsprisen under ONS (Offshore Northern Seas/Oljemessa), og har sidan 1988 blitt brukt på Statfjordfeltet.[REMOVE]Fotnote:Lindøe, John Ove. Inn fra havet. Bøyelasternes historie. Wigestrand Forlag og Stavanger Sjøfartsmuseum. Stavanger 2009, s. 88-89.

I motsetnad til lastebøyene ligg heile dette systemet under havoverflata. Ifølgje Equinor er systemet enklare å bruke enn dei gamle lastebøyene.

Erstatninga av dei gamle lastebøyene handlar ikkje berre om at desse var i ferd med å gå ut på dato, utskiftinga er òg eit uttrykk for at feltet har utvida si forventa levetid med fleire år. Lisenseigarane har nå som mål at feltet – eller i alle fall plattformene – skal produsere fram mot 2040. Følgjeleg var det naudsynt med eit nytt lastesystem for olje.

Ute på feltet blir dei nye lastepunkta referert til som OLS1 og OLS2. UKOLS1 og UKOLS2 blei tydelegvis for langt.

Publisert 4. desember 2025   •   Oppdatert 18. desember 2025
© Norsk Oljemuseum
close Lukk