Forteljinga om sløkte flammer
Året er 1985. Ei vårnatt går ein mann rundt på ei plattform langt til havs på britisk sokkel. Den fugleinteresserte mannen stoppar – som så ofte før – for å kikke på fugletrekket som synst tydeleg i lyset frå den kraftige fakkelflamma. Han grøsser til når fleire av fuglane flyr rett inn i flamma, blir svidd og fell i sjøen.
Mannen heiter Thormod Hope. Kanskje er dette fyrste gongen han stiller seg spørsmålet om det ikkje er mogleg å få sløkt denne «enorme fuglegrillen»?
Knappe ti år seinare – i 1994 – klarte han det.
Det tradisjonelle fakkelsystemet
Fakling på norsk sokkel er berre lov når det er nødvendig av sikkerheitsgrunnar.
Fakkelsystemet er ein del av dette sikkerheitssystemet og skal berre nyttast i samband med oppstart, nedstenging og trykkavlastning. Sokkeldirektoratet presiserer at «Fakling kun for å produsere olje har vært forbudt siden produksjonen startet på norsk sokkel.»[REMOVE]Fotnote: Oljedirektoratet/Sokkeldirektoratet «Utslipp og miljø» i Ressursrapport funn og felt 2019. https://www.sodir.no/aktuelt/publikasjoner/rapporter/ressursrapporter/ressursrapport-2019/utslipp-og-miljo/ Lasta ned 24. mars 2024. Det har med andre ord aldri vore lov å brenne av gassen og berre produsere olja, slik som det blir gjort i mange andre land.
Tradisjonelt har nemleg gassen vore mindre verd enn olja og dessutan noko vanskelegare å frakte over lengre avstandar. På nokre felt utanlands blir gassen framleis brent og ikkje produsert.
Trass i forbodet mot brenning av gass var det – av sikkerheitsgrunnar – alltid fyr i fakkelen. Gass blei stadig sirkulert i fakkelsystemet, for å hindre at det blei trekt oksygen inn gjennom fakkelbommen, noko som kunne føre til tilbakebrenning, altså at det blei fyr på innsida av fakkelen.[REMOVE]Fotnote: Alle utsegn frå Thormod Hope er henta frå eit intervju som han gjorde med Julia Stangeland og Kristen T. Hetland, 11. januar 2024.

Fakkelen fekk dessutan med ujamne mellomrom tilførslar av uønskt gass, frå éin eller fleire av dei mange ventilane som finst på plattforma. Denne gassen kom frå diverse problem med gassturbinane som produserer elektrisitet på plattforma eller frå andre prosessuelle problem.
Kort sagt: Gass som er til overs kan bygge opp eit farleg trykk. Dette må lettast på, og den einaste trygge måten å gjere det på, var å sende gassen opp i fakkelbommen og brenne den av.

Fakkelen kunne med andre ord ikkje sløkkast før det blei funne nokon annan måte å lette på det farlege trykket. I tillegg var det nødvendig med eit system eller ein metode som kunne tenne fakkelen igjen – i dei verkeleg kritiske situasjonane.
Var det eigentleg så lurt å sløkke fakkelen? Fanst det eigentleg argument som kunne trumfe sikkerheita?
Reduserte utgifter og auka inntening
8. april 1991 presenterte Thormod Hope prosjektet «Reduksjon av gass til fakkelsystemet». Han bad om 800 000 kroner til å jobbe med prosjektet som forhåpentlegvis skulle resultere i sløkte faklar.[REMOVE]Fotnote: Landsnes, Tron M., Utviklingen av det alternative fakkelsystemet : en aktørnettverk-studie av teknologisk utvikling. Hovedoppgave. Sosiologisk institutt, Universitetet i Bergen, våren 1999, s. 37–38.
Hope fortel av innføringa av CO2-avgifta var ein føresetnad for at han skulle foreslå å arbeide med å sløkke faklane. Eit anna økonomisk argument han trakk fram var at gassen kunne seljast framfor å brennast. På møtet i april 1991 brukte Hope Gullfaks C-plattforma som døme. Han forklarte at plattforma årleg brukte om lag 9,5 millionar Sm3 gass for å halde fakkelsystemet i gang. I tillegg lakk om lag 11 millionar Sm3 gass inn i fakkelsystemet kvart år. «Verdien av denne gassen er for Statoils vedkommende anslått til om lag 12. mill. Nok. pr. år. CO2-avgift vil medføre en kostnad på om lag det samme.»[REMOVE]Fotnote:Landsnes, 1999, s. 37-38.
Hope brukte òg mindre kvantifiserbare argument som klimaomsyn, mellom anna initiert av den norske staten og den norske opinionen, og dei store gassmengdene som fanst på Gullfaks.
Klimaomsyna vekta kanskje mindre enn dei økonomiske, men trass i argument om reduserte utgifter og auka inntening, fekk Hope ikkje den støtta han trengte frå Statoil-leiinga.
Tron M. Landsmark har skrive hovudfagsoppgåve om det han kallar det alternative fakkelsystemet, og skriv at: «Den offisielle og byråkratisk begrunnelse var at prosjektet ikke var i henhold til målene for 1991.» Hope blei oppmoda til å søke igjen året etter. «Den andre uoffisielle begrunnelsen var at det var ingen som trodde det var mulig å redusere utslippene i særlig grad.»[REMOVE]Fotnote:Landsnes, 1999, s. 47.
Landsmark skriv vidare at det fanst ein risiko-aversjon i petroleumsverksemda. Ingen ville utfordre API RP 14C.
«Besettelse»
API RP 14C er utvikla av America Petroleum Institute og er ein internasjonal standard for sikkerheit i oljebransjen.
Etter avslaget i 1991 gjekk Hope og grunna. Standarden var ikkje den fyrste utgåva, noko som innebar at den hadde blitt utfordra før. Viss han og kollegane hans kunne komme opp med eit nytt system som var minst like sikkert, kunne dei få aksept hjå Petroleumstilsynet (Ptil) til dette.
Hope allierte seg med ein tidlegare studiekamerat, Magne Bjørkhaug, som no arbeidde i Statoil. Bjørkhaug hadde doktorgrad i gasseksplosjonar og var følgjeleg ein ideell samarbeidspartnar for fakkelprosjektet.
Utover i 1991 blei dette eit privat prosjekt for Hope og Bjørkhaug eller ein «besettelse», som Hope skildrar det som: «Eg tenkte ‘fakarten’ òg. Eg vil berre finne det ut.»
I påvente av nye søknadsmoglegheiter i 1992, allierte dei to seg med Hope sin tidlegare arbeidsplass, Gullfaks C. I september 1991 reiste dei til plattforma for å diskutere og undersøke sju punkt som dei hadde tenkt ut i forkant. I mars 1992 skulle dei gjere ein liknande tur til den same plattforma.
I påvente av at tåka skulle lette blei dei, i forkant av denne turen, sitjande på heliporten og vente. Samtalen kom, naturleg nok, raskt inn på fakkelen.
I Bjørn Vidare Lerøen si bok, 34/10 Olje på norsk – en historie om dristighet, er forslaget som Hope og Bjørkhaug kom opp med medan dei sat på heliporten, karakterisert som «serviettforslaget».[REMOVE]Fotnote: Lerøen, Bjørn Vidar. 34/10: olje på norsk: en historie om dristighet. Statoil. 2006, s. 115–116.
Skissa kan i boka sjå ut som noko dei tok ut av tomme lufta ein dag dei hadde litt ekstra tid. Det er viktig å understreke at forslaget kom som eit resultat av langvarig arbeid med tematikken, og etter å ha utelukka ein del andre forslag.
Kva gjekk så løysinga ut på?
Det alternative fakkelsystemet

Tre element var viktige for å kunne konstruere eit alternativt fakkelsystem, som framleis var sikkert: 1. Gassen måtte hindrast i å gå opp i fakkelen. 2. Gassen måtte samtidig kunne komme opp i fakkelen i kritiske situasjonar. 3. Gassen måtte då kunne tennast på.
I tillegg måtte gassen som tidlegare hadde sirkulert opp til fakkelen, erstattast med ein annan gass for å hindre tilbakebrenning. Det siste problemet blei løyst ved å bruke nitrogen i staden for naturgass.
Serviettforslaget til Hope og Bjørkhaug gjekk ut på å bruke ein ventil kalla Mockwell-ventilen, parallelt med eit sprengblekk. Begge delar ville stoppe mindre mengder naturgass, samtidig som det ville trekke seg tilbake, og ikkje danne proppar, viss det oppstod ein kritisk situasjon.
Medan gassen tidlegare hadde blitt sendt opp i fakkelen, ville den nå bli hindra av dei to systema og i staden resirkulerast tilbake til prosess. I staden for å bli brent i fakkelen, kunne den seljast.
Både Hope og Bjørkhaug meinte at dette systemet var minst like sikkert, for ikkje å sei sikrare enn det tradisjonelle fakkelsystemet. Folka på Gullfaks C var einige.
Systemet samsvarte dessutan med krava til API RP 14C som sa at det måtte vere to sikkerheitssystem som opererte uavhengig av kvarandre.
Utfordring nummer éin og to var nå løyst. Neste steg var å sikre at fakkelen blei tent viss ukontrollerbare mengder gass forserte systemet og gjekk opp i fakkelen.
Fakkeltennesystemet
Både Thormod Hope og Magne Bjørkhaug var sikre på at det ville vere mogleg å finne ei løysing på det. Dei meinte at det måtte vere mogleg å få til ei automatisk utgåve av «luftgeværprinsippet» – altså at fakkelen blir tent med startpistol.

Hope fortel at Magne Bjørkhaug engasjerte selskapet Techno Consult til å konstruere eit fakkeltennesystem. Etter noko om og men gjekk Raufoss ammunisjonsfabrikk med på å lage eit prosjektil til systemet. Techno Consult engasjerte vidare Bodø-firmaet Restech til å arbeide med systemet.
Hope meiner at det «var eit utruleg dårleg arbeid som blei utført». Han peikar på sånt som at dimensjonane og materialvalet var feil, at kulene kilte seg i materialet og at platene som kulene skulle treffe, fall ned.
Han fortel at dette fakkeltennesystemet berre var i drift ei kort stund, før det blei erstatta med eit anna system utvikla av Sandsli driftstenester. Kula blei modifisert og i staden for å skyte mot ei plate, blei kula skoten opp i ei tønne med gitter over. Tønna og gitteret var for å hindre at kula gjekk alle vegar, samtidig som det sikra at gnistane kom ut.
Fakkelsystemet blei patentert, men ikkje fakkeltennesystemet. Patentet har i dag gått ut.
Nå står det att å fortelje om dei sløkte faklane – og om dei som framleis brenn.
Fakkelsystemet i bruk
Med eit så å sei ferdig system å vise til, var det enkelt å få gehør hjå Statoil-leiinga. Forprosjekteringa blei gjennomført av Kværner i Stavanger. Sandsli drift fekk i oppgåve å detaljteikne det nye systemet.
16. november 1994 blei den fyrste fakkelen sløkt. Dette var på Gullfaks A. Berre éin månad seinare blei fakkelen sløkt på Gullfaks C.

På spørsmål om kvifor fakkelen ikkje òg blei sløkt på Gullfaks B, svarer Hope at det har bakgrunn i interne stridigheiter og rivalisering mellom plattformene. Han meiner òg at det er grunnen til at faklane ikkje har blitt sløkt på Statfjord-plattformene.
Landsnes gjev derimot ei anna forklaring på kvifor fakkelen haldt fram med å brenne på Gullfaks B. Årsaka skal ha vore at plattforma ikkje hadde ein lågtrykkskompressor.[REMOVE]Fotnote:Landsnes, 1999, s. 83 (i fotnote).
Trass i at ikkje alle dei gamle faklane er sløkte på norsk sokkel i dag, meiner Hope at dette nå har blitt standard ved utbygging av nye plattformer.
Tal frå Verdsbanken tyder òg på det. Ved den nyaste «fakkelteljinga» (2022) var det berre 31 faklar som hadde ein kontinuerleg flamme på norsk sokkel.[REMOVE]Fotnote:Global Flaring and Venting Regulations av Verdsbanken. https://flaringventingregulations.worldbank.org/norway Lasta ned 2. mai 2024.
Norsk sokkel hadde i 2023 eit utslepp på 180 millionar Sm3 naturgass[REMOVE]Fotnote: Dette inkluderer mellom anna CO2-utslepp og metanutslepp. https://www.iea.org/energy-system/fossil-fuels/gas-flaring Lasta ned 2. mai 2024., noko som inkluderer både kontinuerleg brenning av gass og brenning i samband med kritiske situasjonar og oppstart av systemet etter stans.[REMOVE]Fotnote: Informasjonen om CO2-utslepp på norsk sokkel er henta frå Halvard Hedland, Sokkeldirektoratet, i e-post til Julia Stangeland, 5. april 2024.
Noreg sitt årlege utslepp er ein promille av faklinga på verdsbasis, som i 2023 var på 140 milliardar Sm3 naturgass.[REMOVE]Fotnote: Gas Flaring – Energy System – IEA Lasta ned 2. mai 2024. At utsleppet er så høgt på verdsbasis skuldast mellom anna at ikkje alle land har like strenge reglar for unødvendig brenning av gass, som det Noreg har. Det vil sei at gassen i fleire tilfelle blir brent, medan berre olja blir produsert.
Viss denne gassen hadde blitt produsert, ville den framleis ha blitt brent og CO2 ville ha blitt frigjort. Skilnaden ligg i at den då hadde blitt utnytta til energi fyrst, kanskje ville det då òg vore mogleg å produsere mindre gass kvart år. Slik som situasjonen er nå er det mykje energi som – bokstaveleg talt – går opp i røyk.
Sjå heile 3. episode av NRK-serien Oljeriket, om Fakkeltennesystemet.
Eit minne om ein gamal flamme
I 2004 var det ti år sidan det alternative fakkelsystemet blei tatt i bruk. Hope siterer frå ein avisartikkel frå det året, med den treffande tittelen «In memory of an old flame». Han les avslutninga: «10 years ago, to see a flare on a platform was viewed as a symbol of good and clean production. Nowadays good and clean production is represented by a flare less flare boom.»
Hope meiner sjølv at det ikkje var noko nyvinning han og Magne Bjørkhaug kom opp med tidleg på 1990-talet. Han meiner « at i etterkant så er det jo ikkje noko smart, det er eigentleg berre at du har plukka noko anna, du har kopiert noko og sett det saman. Det var ikkje noko ‘big deal’ eigentleg, men problemstillinga skal mognast. Du skal definere problemet, sjå på løysingar».
Landsnes meiner at slik tenking er typisk for folk som driv med nyvinningar, at det som ser ut som nybrotsarbeid frå utsida, frå innsida kan framstå som tilfeldigheiter og samanfletting av dei rette puslespelbitane.

Kor nytenkande det alternative fakkelsystemet er, er det vanskeleg for ei lekkvinne å vurdere. Den viktigaste nytenkinga ligg kanskje likevel i at Hope ikkje aksepterte at fakkelen måtte brenne.
I januar 2024 blei Thormod Hope intervjua om fakkeltennesystemet. I over to timar snakka han om systemet som han og Magne Bjørkhaug skal ha mykje av æra for. Hope har openbart gode minner om den gamle flammen, og særskilt varme tankar om den tida då flammen sløkte.
