Fakkelen sløkka
Fakkelen på flammebommen er plattforma sin sikkerheitsventil. Viss trykket blir for stort blir gassen sendt opp i fakkelen og brent av.
For at fakkelen ikkje skal måtte brenne konstant, krevst det tre element:
- Gassen må kunne hindrast i å gå opp i fakkelen.
- Gassen må samtidig kunne komme opp i fakkelen i kritiske situasjonar.
- Gassen må då kunne tennast på.
I november 1994 hadde Statoil-tilsette Thormod Hope og Magne Bjørkhaug funne løysingar for alle dei tre utfordringane. Det nye fakkeltennesystemet blei då innført på Gullfaks A, før det ein knapp månad etterpå blei innført på Gullfaks C.
Før dette systemet blei innført hadde det brent ein konstant flamme i fakkelen, noko som førte til at gass blei brent av utan å fyrst ha gjort nytta som energi. Dette førte til økonomiske konsekvensar for Statoil og dei andre lisenseigarane, på to måtar. For det fyrste måtte Statoil etter 1991 betale CO2-avgift for all gass som blei brent i flammebommen, og for det andre var dette gass som selskapet elles kunne ha selt.
Å få sløkka fakkelen har òg eit klimaperspektiv, fordi det med mange faklar som brenn, blir brent store mengder gass – gass som kjem på toppen av den gassen som blir nytta til energi.
Den siste motivasjonen til å sløkke fakkelen, er den grunnen som sette det heile i gang, nemleg Thormod Hope sitt ønske om å hindre at fuglar blei brent og drepen av fakkelen. Les heile Forteljinga om sløkte flammer.
For ordens skuld så var det tekniske årsaker til at fakkelen på Gullfaks B ikkje kunne sløkkast samtidig med dei andre. Fakkelen blei fyrst sløkka rundt 2024.
ProduksjonsrekordProduksjonsstart for Vigdis