Funnet av Gullfaks: Brønnspark og utblåsning

Eit enklare liv?

person Julia Stangeland
Forpleiing er ikkje det forpleiing var. Kanskje har det blitt mindre spesialisert og meir variert. Nokon vil sei at det har blitt enklare, men kanskje òg keisammare?
— Kiosken er open nokre timar kvar dag. Å selje shampo, tyggegummi og sjokolade er ein av fleire oppgåver som rullerer mellom dei som arbeider med forpleiing. Foto: Shadé B. Martins/Norsk Oljemuseum
© Norsk Oljemuseum

Kjeledressar og moppar som blir vaska på land, robotstøvsugarar, digitale system og meir halvfabrikata har endra kvardagen for dei som sørger for at plattforma er rein, maten står på bordet og at alle har ein stad å sove.

Forpleiing har endra seg på dei om lag 40 åra som Gullfaksfeltet har vore operativt. Nokre oppgåver har kome til, andre har falt ifrå. La oss ta det frå toppen.

Helidekk og resepsjon

Helivakten/Helidekkassistenten er gjerne den fyrste personen oljearbeidarane møter når dei kjem ut på plattforma. Saman med HLO-en (Helicopter Landing Officer) har han eller ho ansvar for alt som er knytt til helikoptertrafikken på plattforma.

Døme på arbeidsoppgåver for ein helivakt og ein HLO er å sørgje for at helikopterdekket er fritt for snø og lause gjenstandar, overvaking av helikoptertrafikken, sørgje for at alle har overlevingsdrakt, høyrselsvern og har festa sikkerheitsbelta. I tillegg skal dei vere i nødberedskap i tilfelle ein krisesituasjon.[REMOVE]Fotnote: Offshoreutdanning.no, «HLO Helidekk». https://offshoreutdanning.no/kurs/hlo-helidekk-grunnkurs/  Lasta ned 21. februar 2025.

Denne bildekrusellen krever javaskript.

Helidekket blei tidleg på 2000-talet overført frå logistikk-avdelinga til forpleiing. Forpleiing har med det fått fleire oppgåver.

Medan oppgåva som HLO er konstant, er oppgåva som helivakt noko som forpleiingspersonalet byter på å gjere. Med det er kvardagen litt meir variert. Dette skulle gjere det meir attraktivt å arbeide på hotellet, fortel Seija Anita Kalvø.

I mange år var ho den andre personen oljearbeidaren møtte om bord på plattforma. Ho hadde nemleg sin plass i resepsjonen, gjerne òg kalla skylobbyen, nokre trapper ned frå helidekket. Sekretæren eller resepsjonisten hadde fleire oppgåver, ei av dei var å sørgje for at alle fekk ein lugar. Ho hadde òg ansvar for  helikopterinnsjekkinga.

I dag skjer lugarfordelinga på land. Lugarnummeret står på lappen som blir utdelt ved heliporten på Flesland. Innsjekking på plattformene gjer folk sjølv ved hjelp av ein automat, ikkje ulikt måten det blir gjort på ved flyreiser.[REMOVE]Fotnote: Seija Anita Kalvø, intervjua av Kristin Øye Gjerde, Norsk Oljemuseum. 6. mars 2023.

Helivakten er altså ei av oppgåvene forpleiingspersonalet rullerer på, vasking er stikkord for fleire av dei andre oppgåvene.

Her har det òg skjedd diverse endringar og tilpassingar. Vi kan begynne på lugaren.

Vask, kledevask og oppvask

Alle som kjem ut på plattforma blir tildelt reine lugarar og blir møtt med ei oppreidd seng. Vaskinga står forpleiingspersonalet for, akkurat som på eit hotell. Men til forskjell frå eit hotell må oljearbeidarane sjølv ta av sengkleda og legge dei i skitnekorga.

Dette sparer tilsette innanfor forpleiing for mykje jobb.

Denne bildekrusellen krever javaskript.

Dei tilsette slepp òg kilovis med kledevask ved at sengtøy, handkle og kjeledressar blir sendt til land og vaska der. Plattformvaskeriet handterer  berre mindre vask, som moppar, klutar og noko privat tøy. Alt blir vaska på 60 grader og alt hamnar i tørketrommelen.

Dette fortel Jannicke Johansen (reinhaldsleiar) og Heidi Belsvik (leiar for forpleiing og administrasjon) som begge arbeider på Gullfaks A. Dei fortel vidare om viktigheita av å rullere på oppgåvene. I tillegg til at ein variert arbeidsturnus gjer arbeidet kjekkare, er det viktig for å motverke slitasje som kan oppstå når ein gjer mange gjentakande oppgåver i same stilling.[REMOVE]Fotnote: Reinhaldsleiar, Jannicke Johansen og leiar for forpleiing og administrasjon, Heidi Belsvik i samtale med Julia Stangeland, Shadé B. Martins og Ole Kvadsheim, på Gullfaks A, 26. juni 2024.

Andre måtar å vaske på enn før, med mindre bruk av vatn, gjer òg arbeidet mindre krevjande.[REMOVE]Fotnote: Tillitsvalt for forpleiing på Gullfaks A, Elizabeth Tallis Husa, intervjua av Trude Meland og Ole Kvadsheim (Norsk Oljemuseum), 21. februar 2024.

I tillegg til vask av lugarar, kontor og andre fellesareal i hotellet, samt kledevask, må òg oppvasken tas.

Det skjer naturleg nok på kjøkkenet.

Meir keisamt på kjøkkenet

Kjøkkensjef Perry Igland fortel at kjøkkenpersonalet er redusert med tre personar per skift. Årsaka til kuttet er ferdigmat. Medan plattformene tidlegare gjerne hadde både bakar og konditor, er trenden i dag at det er meir ferdigmat og halvfabrikata.

Denne bildekrusellen krever javaskript.

Arbeidet blir meir rutine og samleband på den måten, meiner Igland. Han forstår samtidig at det må vere slik. At oppgåver som tidlegare blei gjort på plattforma, er flytta til land, gjer at plattformene er billigare å drifte.

Stordriftsfordelar er eit anna stikkord. Medan kjøkkensjefar tidlegare bestemte menyane og bestilte varer til si plattform, blir det i dag laga fellesmenyar som gjeld for heile norsk sokkel. Fellesmenyar innbyr ikkje nødvendigvis til kreativ utfolding, men gjer at planleggingstida offshore går ned. Igland fortel vidare at han har noko handlingsrom innanfor menyane.[REMOVE]Fotnote: Kjøkkensjef Perry Igland i samtale med Julia Stangeland, Shadé B. Martins og Ole Kvadsheim (Norsk Oljemuseum), på Gullfaks A, 26. juni 2024.

Denne bildekrusellen krever javaskript.

Nokre arbeidsoppgåver har altså kome til, medan andre oppgåver har blitt forenkla eller flytta til land. Forpleiingspersonalet er ikkje like talrikt som det var før.

Var alt betre før?

Meiningane er nok delte om dette spørsmålet. For dei som fekk endra si stillingsskildring har det nok vore litt trasig. Kalvø er ein av dei som gir uttrykk for dette.

Arbeidsoppgåvene har blitt mindre spesialisert og på den måten òg meir variert, noko som kan ha vore med på å forebygge og redusere sjukdom.

Noko var betre før og noko har blitt enklare i dag.

Heidi Frette har lang fartstid på kjøkkenet på Gullfaks A. Ho fortel at juleborda tidlegare strakk seg nesten ut i gangen. Dagar, for ikkje å seie netter, gjekk med til å lage desse overdådige måltida. Denne overdrivinga var usmakeleg, meiner ho.[REMOVE]Fotnote: Kokk Heidi Frette i samtale med Julia Stangeland på Gullfaks A, 26. juni 2024.

Maten om bord er framleis god, sjølv om den, som mykje anna, har blitt enklare.

Funnet av Gullfaks: Brønnspark og utblåsning
Publisert 16. desember 2025   •   Oppdatert 16. desember 2025
© Norsk Oljemuseum
close Lukk