Den fyrste oljelasta
Den fyrste oljelasta frå Gullfaksfeltet var på 132 000 standard kubikkmeter olje. Olja var produsert på Gullfaks A, som på det tidspunktet var den einaste plattforma i drift på Gullfaksfeltet.
Olja kom frå undervassproduksjonsbrønnar. Fyrst i februar 1987 blei det produsert olje frå brønnar bora frå Gullfaks A.
Etter lastinga sette «MT Sarita» kursen mot raffineriet på Mongstad.
30. januar blei 65 000 standard kubikkmeter av olja levert der.[REMOVE]Fotnote: Haugesunds Avis. «Første oljelast fra Gullfaks», 31. januar 1987. Resten blei lasta over i eit anna skip som sette kursen mot Statoil sitt danske raffineri, Kalundborg. Olja blei fordelt mellom dei to raffineria for at begge så snart som råd skulle få hauste erfaring med denne nye olja.[REMOVE]Fotnote: Hansen, Thorvald Buch. «Den første olja» i Statoil. 1987, vol. 9, nr. 1, s. 6.

Haugesunds Avis skriv at Gullfaks-olja er av god kvalitet og særleg eignar seg til bensin. Avisa skriv vidare at raffineriet på Mongstad måtte tilpassast Gullfaks-olja. Det var forventa at 1987 ville bli eit testår. Etter justeringar av raffineriet ville olja bli raffinert.[REMOVE]Fotnote: Haugesunds Avis. «Første oljelast fra Gullfaks», 31. januar 1987.
«M/T Sarita» var éin av fleire bøyelastarar (spesialbygde tankskip brukt til å laste olje frå bøye) som etter kvart blei bygd for å henta olje frå Gullfaksfeltet. Frakta av olja blei styrt av I/S Gullfaks Transport. Statoil var operatør for selskapet. Skipa som blei brukt var langtidschartra. Det var reieria som selskapet hadde kontrakt med, som eigde skipa og mannskapet var tilsett av reieria.[REMOVE]Fotnote: Statoils Årsrapport, 1987, s. 33. Statoils Årsrapport, 1988, s. 38. Statoils Årsrapport, 1990, s. 34.
Produksjonsstart på Gullfaks AFra Gandsfjorden til Yrkjefjorden
