Byggingen av bunnseksjonenGullfaksfeltet neste stopp

Dåp med dei nærmaste rundt seg

person Julia Stangeland
18. april 1986 knuste champagneflaska på Gullfaks A. Det var starten på ei lang innhausting.
— Else Grethe Kolnes fekk både blomstrar og ein bronsekopi av Gullfaks A, som takk for at ho var gudmor under dåpen av originalen. Foto: Øyvind Hagen/Equinor
© Norsk Oljemuseum

Plattformer, så vel som riggar, føyer seg inn i norsk skipstradisjon, på den måten at dei blir døypt før utslep. Eit unntak her er Statfjord A som ikkje blei døypt før plattforma stod på feltet.

Dåpen av Gullfaks A skjedde på Aker Stord i Digernessundet. Else Grethe Kolnes, som var tilsett ved opplæringsavdelinga i Statoil si Stavanger-avdeling, fekk æra av å vere gudmor.

Etter seremonien blei det servert kanapear, kvitvin, kaffi og petit four i kantina om bord på Gullfaks A.[REMOVE]Fotnote:Status Bergen (Statoil). 1986 Vol. 5 Nr. 4, «Joda, champagneflasken knuste», s. 5.

Det var berre dei nærmaste som var invitert til dåpen; dei øvste leiarane frå Statoil, samt gjester frå Aker og Norwegian Contractors. Begge selskapa hadde vore med på bygginga av plattforma. Media var derimot ikkje invitert, heller ikkje dei mange som hadde arbeidd med bygginga av plattforma.

Direktør i Statoil, Jakob Bleie, forklarte i talen sin at den meir intime markeringa hadde samanheng med at prosessen ikkje var fullført. Fyrst når plattforma stod klar på feltet og hadde starta å produsere, ville det bli grunn til å feire. Festen ville dei derfor vente med.

I sin tale trakk administrerande direktør, Arve Johnsen, fram at våronna hadde vore lang, frå konsesjonen blei gitt for 34/10 i 1978 og fram til produksjonsstart, men at innhaustinga ville bli endå lenger: «Den våronn og investering som vi har gjort i 80-årene gir avkastning i 90-årene og i år 2000 på en måte som tjener oss som har stått for dette arbeidet, og samfunnet som helhet.»[REMOVE]Fotnote: Haugesunds Avis, «Gullfaks A døypt i går», 19. april 1986.

I mai same år blei plattforma slept ut til feltet. Der blei arbeidet med plattforma  fullført, før produksjonen starta opp i desember 1986 .

Med framleis produksjon i 2025, enda innhaustinga med å vare endå lenger enn det Johnsen kunne førestille seg nesten 40 år tidlegare.

 

 

Byggingen av bunnseksjonenGullfaksfeltet neste stopp
Publisert 11. november 2025   •   Oppdatert 15. desember 2025
© Norsk Oljemuseum
close Lukk