Bøyelastarane
Bøyelastarane har gjennom heile Gullfaksfeltet si historie vore like viktige som plattformene. Utan bøyelastarar til å frakte bort olja, må plattformene stenge ned produksjonen.
I skytteltrafikk
Ei ulempe med denne mjølkerutedrifta er den korte seglingstida. Dei hyppige laste- og lossesituasjonane gjer arbeidsdagen meir hektisk og oppstykka enn den er når ein er til sjøs fleire veker i slengen.
Dette fortalte mannskapet om bord på bøyelastaren «M/T Ragnhild Knutsen» i mars 1992, til avisa Strilen. Journalisten var med bøyelastarane ut til Gullfaksfeltet for å hente olje. Olja skulle fraktast til oljeterminalen på Mongstad.[REMOVE]Fotnote: Alver, Inge A. «I skytteltrafikk mellom oljefelta og Mongstad». Strilen. 18. mars 1992, s. 2 og 3.
Ragnhild Knutsen var den gongen éin av ni bøyelastarar som jamleg henta olje frå Gullfaksfeltet og Statfjordfeltet.
Skipet var langtidschartra, som vil seie at mannskapet og skipet tilhøyrte eit reiarlag, reiarlaget Knutsen OAS i dette tilfellet , men at det segla fast for Gullfaks- og Statfjord-lisensane.
Ta ein nærare kikk på ein modell av bøyelastaren «Juanita».
Skipet var spesialbygd for å hente olje frå ei . Det innebar mellom anna at det framme i baugen på skipet fanst eit spesialbygd «baughus» som er karakteristisk for bøyelastarar. Huset blei av mannskapet kalla for «huset på prærien».
I dette huset sat kapteinen og styrmann under lastinga av olje. Herifrå var det lett å styre skipet så nær lastebøya som mogleg, og halde eit auge med vêret. Sjølv om sjølve lastinga var styrt av ein datamaskin, var det mannskapet som måtte vurdere om bølgjehøgda var forsvarleg for lasting av olje. Dei måtte òg kunne overstyre systemet dersom det var behov for det.
Dette ekstra styrehuset var eit av mange krav Statoil stilte for sine bøyelastarar.[REMOVE]Fotnote: Lindøe, John Ove. Inn fra havet. Bøyelasternes historie. Wigestrand Forlag og Stavanger Sjøfartsmuseum. Stavanger 2009, s. 87-88.

To år etter at Strilen blei med Ragnhild Knutsen på tur, sette feltet produksjonsrekord. 7. oktober 1994 blei rekordhøge 605 965 oljefat produsert. I perioden med høg produksjon på både Gullfaksfeltet og Statfjordfeltet, gjekk ikkje bøyelastarane lenger enn til oljeterminalen på Mongstad eller til eit raffineri rundt Nordsjøen, som raffineriet på Mongstad eller raffineriet på Kalundborg i Danmark – begge drifta av Statoil.
Frå råoljeterminalen på Mongstad blei olja henta av vanlege tankskip som la ut på lengre reiser. Ein del av Gullfaks-olja blei kjøpt av British Petroleum BP, mykje blei òg selt til Asia.[REMOVE]Fotnote: Lise Gro Ekholdt i samtale med forskar Ole Kvadsheim, 28. februar 2025.

Som vi ser i artikkelen frå Strilen misunna mannskapet på M/T Ragnhild Knutsen mannskapet på tankskipa fordi dei sjeldnare trengte å «kople opp» skipet til lasting og lossing. På den andre sida verdsette mannskapet på bøyelastaren at dei var oftare innom land, noko som gjorde det enklare å halde kontakt med familien og enklare å få tak i nødvendig utstyr og proviant.
Sjeldnare lasting og lossing
I dag, med lågare produksjon på Gullfaksfeltet, har ikkje Gullfaks-plattformene like stort behov for å få lossa olje. Følgjeleg er det nå sjeldan at Gullfaks-olja blir mellomlagra på oljeterminalen på Mongstad. Bøyelastarane går nå oftare med lasta si direkte til kunden, noko som altså inneber mindre lasting og lossing for mannskapet.
Per 2025 blei mykje av olja selt til dei svenske Preem-raffineria på vestkysten av Sverige.[REMOVE]Fotnote: Lise Gro Ekholdt i samtale med forskar Ole Kvadsheim, 28. februar 2025.
